lørdag 29. august 2009

Sommaren er berre eit minne

No er det regn og atter regn ute, sommaren er berre eit minne og vi må berre finne oss i at det blir mørkare og kaldare for kvar dag og veke som går. Men no er det kanskje tida til og gå igjennom dei altfor mange bilda eg har tatt i sommar, kanskje kjem det fram nokre blinkskudd som eg har oversett tidligare. Det kan vere godt og sitte og kikke på varme og gode sommarminner når hauststormane hyle i dei litt for utette glaskarmane mine. Nei, eg kan ikkje berre sitte inne å sjå på ka som er tatt, men hausten er ei fantastisk tid det og, so det blir vel på med regnklær og regntrekk og ut i friluft for og kjenne på elementa, naturen har sin sjarm uansett årstid.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vist du har ein kommentar på hjarte, så må du gjerne komme med den. Kjekt og høyre andre sine tankar og meiningar rundt bilda mine.

Mvh Ronny