
Det er mykje spennande vi berre susar forbi langs vegane. I dag skulle vi i bursdag i Olden og det fant eg ut eg måtte prøve å utnytte. Eg var ikkje sikker på kva eg ville prøve å finne i dag , men hadde lyst på istappar. Enten under ein fjellhylle eller i ein foss. Det er ikkje lett å finne sånne plassar som er lett til gjengelig så det ente med istappar i ei fjellskjæring.


Den store Jostedalsbreen som legger sine brearmar ned mot oss vestlendingar låg i dag i ein skikkelig snøstorm såg det ut som.Tempraturen har stege til rundt null og vinden kommer over breen og ned i dalen.

Det har no sin sjarm med vinter og her inne i Oldedalen, som er so full av turistar om sommaren. Synd eg ikkje tok meg tid til å gå opp til Briksdalsbreen når eg like vell var her inne.

Istappar fant eg i fjellskjæringa.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Vist du har ein kommentar på hjarte, så må du gjerne komme med den. Kjekt og høyre andre sine tankar og meiningar rundt bilda mine.
Mvh Ronny