søndag 3. januar 2010

I dag skulle eg sitte ine og lese, å ikkje fyke ute å ta bilder...men eg sprakk kl 14.

Eg gjekk ein tur rundt Rotevatnet med altfor mykje klær og fotosekk som etter kvart vege litt vell masse. Kunne berre tatt D300en med 70-200en som vart det einaste eg brukte i dag.

Det var godt å få lufte seg litt å sjå litt på vinterstemninga her oppe på møre. Vi har 10cm snø på Sandane, blir ikkje samma stemninga av det;o)

Men no er det vel bare å slenge ei vedasjie inn på ovnen og krype opp i stolen igjen og prøve å prente litt matte inn i skallen.....prøve...iallefall!!


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Vist du har ein kommentar på hjarte, så må du gjerne komme med den. Kjekt og høyre andre sine tankar og meiningar rundt bilda mine.

Mvh Ronny