torsdag 31. desember 2009

TIl alle mine venner




No her vi nok ein gong komt til endes med eit år, det som for ikkje lenge sida var so spennande og nytt, no er det bare minner. å ka skal det nye bring skal tru. Mykje gjekk bra i året som har gått, men mykje har og gått riktig galt, eg tenkjer på dei som ikkje kan begynne på eit nytt år som oss andre.
Lite veit vi om ka som kommer og like greit eg nok det, vi må berre komme oss ut Å leve det livet vi ønsker, mens vi kan og gjere det baste vi kan av det vi har.
Eg gledar meg til å få eit heilt nytt år som er heilt ubrukt;o)


RIKTIG GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!!!!

søndag 27. desember 2009

Eg hadde ein kjempe kjekke tur med Helge Helland i Ommedalen og Gjengdalen i dag.



Eg har virkelig storkosa meg i dag, eg har vert på fototur med Helge i frå kl 09 i dag til over kl16. Det er ikkje ofte eg finne like sinna å fotografere med i naturen som i dag. Eg var heldig å fekk bruke hans Nikon 80-200 f2,8. eg har nettopp bestilt meg eit tilsvarande objektiv, men det vart Sigma denne gongen også sjølv om at eg har lovd meg sjøl og berre kjøpe Nikon her etter. Men det blir for dyrt;o(
Og jobbe med brennvidder mellom 70mm og 200mm er noko eg har sakna lenge, men om nokon dagar eller litt over nyttår blir det nok meir sånne bilder som eg han pressantere i dag her.


Vi tente eit bål for og prøve og få ein gyllen tone inn i istappane. Det funka delvis bra. Eit bålbilde funka nesten alltid synst eg ;o)




Han brukte sin 300mm f2,8 som virkelig gir skarpe bilder. Det var eit varierande vær i dag med tjukke snøbyger til lenger periodar med opplett. men berre nokre små gløtt av blå himmel. Men med gode klær og godt utstyr går det fint og fotografere i dette været og.


Bål på isen.

Litt av gløden frå bålet.



Isstavar. Holme og Hyefjorden på veg heim

Takk so mykje for turen Helge;o)





fredag 25. desember 2009

torsdag 24. desember 2009

God Jul i hytte og lavvo, hus og heim.

Håpar alle har det koslig i kveld til tross for at vi ikkje alle har dei vi skulle hatt med oss i denne store tida.

fredag 18. desember 2009

Vinterlys i Gloppen

Utsyn frå Gimmestadmolo

Og eit bilde til frå Anda fyrlykt

Ein liten pote som har vert herskal tru...


onsdag 16. desember 2009

I dag var ikkje doggen noko problem , men fekk ei utfording med gatelysa

Her er utsikta frå Solheim der eg voks opp, greit og sette opp kameraet og gå inn og ete kveldsmat med foreldra mine. Eg kan ikkje heilt like den orange fargen det blir av alle gatelysa so eg har valdt og gjere det til svart kvitt og legge på ein tone. har prøvd og kutte i overkant av belysninga og,men då mista fjella sin storhet på ein måte.

tirsdag 15. desember 2009

No kjem noko flotte dagar med klar vær her i Nordfjord igjen so då e det berre og kome seg ut og prøve på litt nattfoto!! Her har eg brukt Nikon D300 og Sigma 10-20 mm med ei brennvidde på 10mm og lukketid på 1832sek eller ca ein halv time. Blendar på f4 og iso 800. Du setter kameraet på "M" og finner fram "Bulb". før og få dette til og fungere trenge du enten ein fjernkontroll etter tape. Fjernkontrollen er nok den beste men tape er billigast. eg tar då ein papir bit og legger over utløysar knappen på kameraet og tape den ned. Sett kamera på sjølvutløysar først so kan du gjere denne oprasjonen før lukkaren opna seg og du sleppe rystelar og uskarpe bilder. Stativ er og greit og bruke eller finn ein plass kameraet ligger trykt og støtt. Lykke til og gi ein pip om det er nokon som har prøvd seg;o)

søndag 13. desember 2009

Forsatt godt fornøgd med plasseringa mi i Biofoto sin fotokonkurranse

No er resultatet for 2.runde av Biofotos konkurranse klar. Eg raste litt på lista denne gongen, men er forsatt godt fornøgd med samanlagt resultatet. Eg låg på delt 20 plass etter første runde, men denne runda hadde eg to bilder som fekk veldig lite poeng så eg raste ned til 49 plass. Samanlagt ligger eg no på 27. plass. Bildet under er mitt beste denne runda og kom på delt 25 plass med 13 andre, vi hadde alle 31 poeng og det er berre 4 poeng opp på topp ti plass. spennande og vere med på sånt saman med 150 naturfotografar frå Norge, Sverige og Danmark. Det er enda to runder igjen so mykje kan gå gale eller godt enda;o)


Tidlig vinterstemning på Bjørkneset i Hyen 31 poeng bare 13 poeng bak beste bildet denne runda.

Her er Jesper i siluett også på Bjørkneset i Hyen, dette kom på delt 145 plass saman med 20 andre bilder. Det fekk 22 poeng og totalt 485 bilder var med i denne runda.
Eg trur eg må komme meg meir ut i felten for å klare og holde meg i dette sjiktet. Men skal iallefall prøve det eg kan.


May Britt og familien var innom i dag tidlig før dei skulle på julemiddag på Skei





























lørdag 12. desember 2009

I natt fekk eg endeleg kome meg ut på ein liten overnattingstur.

Etter at eg har vert plaga med tannværk og drit i ca ein mnd og ikkje vert i form eller hatt tid til å komme meg på tur var det jammen godt og kjenne minusgradene bite i kjakane igjen. Eg hadde no tenkt meg eit stykke frå sivilisasjonen, men etter som eg kom litt treigt avgårde fant eg ut at Åstjønna er ein idyllisk og flott plass. Her kom eg til å få sola sovidt om morgenen om det holdt seg klart. Samtidig er det ein idyllisk plass som er skapt for naturfoto.


Isen virka tjukk og god så eg kunne finne mange flotte motiver på morrakvisten, men man bør sjå seg godt føre for eg fant plassar det kunne vere tynn is!!!

Om kvelden var det stjerneklart og ein god del stjerneskudd, men dei fekk eg ikkje til og vise på bildet for dei var nok for svake.


Makro og is er utrulig spennande. Håpte eg skulle finne noko anna innfrøse enn berre blad og plantar, men kan vere flotte dei og.





Mat er viktig på tur, her har eg steikt meg eit par sjeve med pølser og ost på, men først hadde eg bada dei i kvitløksmør og meierismør!!! ( Godt eg var aleine hehehe)


Dyrt og godt utstyr er alltid kjekt å ha. Desse er noko av det eg har brukt mest og lengst. Dei er fantastiske, og det er no ca 17 år sida mi bestemor på Solheim strikka dei til meg saman med knehøge sokkar og ei hue. Alt er i bruk den dag i dag, men sokkane har ho mor restaurert nokon gongar;o)

Stemningsfullt og godt for helsa. Og i dag tidlig hørte eg orrhanen korre bort i lia... berre ulvehylet som mangla då!!

Til kveldsmat so hadde eg tatt med to tortilla lefser og fylte den med kyllingpølser, ost,tacosaus, mais og litt rømme...det var godt det!!! so ei øl til dessert. måtte springe og pisse i eit kjør etter på, men go var den.


Det er ei stund sida sist eg har overnatta her ved vatnet om vinteren, eg fant til og med veden som eg brukte under ei overnatting når eg gjekk på folkehøgskulen. Det er gammal ved det, for det er over 15 årsida. Nok ei fantastisk overnatting med gammalt og nytt utstyr. Ullvottane er gamle med soveposen og gassbrennaren er ny og det var eit veldig kjekt tilskudd på utstyrslista. Eg sov i heile natt og har ikkje frøse i heile tatt, med var nok ikkje so himla kaldt berre ca-5 grader trur eg. Var iallefall ikkje meldt kaldare.
Takk for turen

torsdag 10. desember 2009

Pepparkakebyen på Sandane vart opna på onsdag

Mange flotte bidrag i konkurransen om ålage det flottaste pepparkakehuset. Det var barnehagene i Gloppen så har laga so mange fine hus og byggingar.
Eg havna midt oppi det når eg klarte og bli forsein og levere Michael i barnehagen, så eg måtte inn på Sandane med han så han fekk med seg opninga. Eg leverte han på Senter kafen og gjekk ned for eg ta nokon bilder av husa og mens eg holdt på med det kom dei jammen med raud snor og greier.












tirsdag 8. desember 2009

lørdag 5. desember 2009

Eit gammalt bilde av Fitjestøylen som faktisk ikkje er lagt ut på bloggen før


Ein hektisk dag i dag med 3 familiar i stovestudioet



Her er to av dagens bilder, kjempe koselig med litt travel dag.



tirsdag 1. desember 2009

Vil du ha julekort frå Gloppen??





Her er eit julekort frå Karnils på Hauge med den store og kjente Julegrana. Vil du ha nokre er det berre og gi ein pip so skal vi fikse det so fort som mulig. 10 kr stk +evt porto. Send meg ein mail om du har andre ønsker so finne vi ut av det ;o)




lørdag 28. november 2009

Utstilling i morgon i Runnevang

Akkurat no jobba eg på spreng med å få klart bilde framvisning og matrialer og utskrifter til i morgon. Eg har vert og er temmelig redusert p.g.a tannværk. men dette skal eg få til. Reknar med og få klar desse 3 store bilda pluss ca 10 mindre bilder. Det er ikkje sikkert eg får plass til så mange bilder på utstillinga, men dei kan no stå til salgs hos Lyslo foto`s nye lokaler etter på og.

Men har du lite og gjere på i morgon er det berre og hive seg rundt og komme seg til Rygg og i Runnevang for og sjå utstillinga mi og masse andre utstillingar på julemessa.

Dette er planen skal bli ca 100cm x 50cm
Dette er planen skal bli 40x50 cm på canvas


og det største som kan bli opp mot 150cm x 50cm og viser den fantasitske Traudalen

tirsdag 24. november 2009

Eg er litt spent på kva bilder eg skal stilleut på juleutstillinga i Runnevang på søndag.

Er det nokon som har tips for kva type bilder eg skal satse på under utstillinga på søndag so vil eg gjerne høyre frå deg. Abstrakt eller lokale støylar fuglar og dyr kansje... eg er litt i villrede kan ein seie!!!