onsdag 1. september 2010

Eg har levert bildet til Barnehagekonferansen i Molde i år og

Eg har vert so heldig og levere bilder til denne konferansen dei to siste åra. Bildet her er mitt men det er ikkje eg som har designa det.

Og her er litt meir info for dei som er spess interesserte
http://prod20.www.utdanningsforbundet.no/Fylkeslag/More-og-Romsdal/Barnehage/Barnehagekonferansen/

tirsdag 31. august 2010

Inngjerding av Briksdalsbreen

Det kalva i breen mens eg var der i dag og men det var langt oppe og ikkje noko som om heilt ned.

Breen ser tilsynelatande ufarleg ut på avstand, men isen som flyt rundt i vatnet kan vitne om at det kommer ned ein del is. Det var ein sånn isbit eg brukte på bilda i forge innlegg der kameraet er halvt under vatn.

Her er gjengen på synfaring for å få opp eit betre gjerde for og holde turistane borte frå brefoten. Etter at ein tysk turist fekk ei isblokk over seg nyleg.

mandag 30. august 2010

Fisketuren som blei til fototur med spennade resultat

Det starta med at eg skulle fiske i Oldenelva på grunneigar kort, og det gjorde eg!!! Men fristelsen vart for stor. Eg kunne ikkje la det flotte måneskinnet gå frå meg so eg kjørte litt rundt i Oldedalen og fekk tatt litt bilder før eg på morningen hadde meg ein tur med stanga. Lite fisk vart det på meg, men det er vell der ein legger insatsen ein får resultat og bilda ut over dagen synst eg vart ganske spennande.


Eit geitekje som ser mot fjelltoppane på innsida av gjærde.

Ein deligasjon med folk som såg på sperringa og ein fotograf vart mine målestokkar for i dag.

Ein liten vri på det kjente motivet ;o)

Briksdalsbreen med eit litt anna vinkel enn vanlig. Det er ein isklump vi ser under vatn ikkje breen ;o)