fredag 18. desember 2009

Vinterlys i Gloppen

Utsyn frå Gimmestadmolo

Og eit bilde til frå Anda fyrlykt

Ein liten pote som har vert herskal tru...


onsdag 16. desember 2009

I dag var ikkje doggen noko problem , men fekk ei utfording med gatelysa

Her er utsikta frå Solheim der eg voks opp, greit og sette opp kameraet og gå inn og ete kveldsmat med foreldra mine. Eg kan ikkje heilt like den orange fargen det blir av alle gatelysa so eg har valdt og gjere det til svart kvitt og legge på ein tone. har prøvd og kutte i overkant av belysninga og,men då mista fjella sin storhet på ein måte.

tirsdag 15. desember 2009

No kjem noko flotte dagar med klar vær her i Nordfjord igjen so då e det berre og kome seg ut og prøve på litt nattfoto!! Her har eg brukt Nikon D300 og Sigma 10-20 mm med ei brennvidde på 10mm og lukketid på 1832sek eller ca ein halv time. Blendar på f4 og iso 800. Du setter kameraet på "M" og finner fram "Bulb". før og få dette til og fungere trenge du enten ein fjernkontroll etter tape. Fjernkontrollen er nok den beste men tape er billigast. eg tar då ein papir bit og legger over utløysar knappen på kameraet og tape den ned. Sett kamera på sjølvutløysar først so kan du gjere denne oprasjonen før lukkaren opna seg og du sleppe rystelar og uskarpe bilder. Stativ er og greit og bruke eller finn ein plass kameraet ligger trykt og støtt. Lykke til og gi ein pip om det er nokon som har prøvd seg;o)

søndag 13. desember 2009

Forsatt godt fornøgd med plasseringa mi i Biofoto sin fotokonkurranse

No er resultatet for 2.runde av Biofotos konkurranse klar. Eg raste litt på lista denne gongen, men er forsatt godt fornøgd med samanlagt resultatet. Eg låg på delt 20 plass etter første runde, men denne runda hadde eg to bilder som fekk veldig lite poeng så eg raste ned til 49 plass. Samanlagt ligger eg no på 27. plass. Bildet under er mitt beste denne runda og kom på delt 25 plass med 13 andre, vi hadde alle 31 poeng og det er berre 4 poeng opp på topp ti plass. spennande og vere med på sånt saman med 150 naturfotografar frå Norge, Sverige og Danmark. Det er enda to runder igjen so mykje kan gå gale eller godt enda;o)


Tidlig vinterstemning på Bjørkneset i Hyen 31 poeng bare 13 poeng bak beste bildet denne runda.

Her er Jesper i siluett også på Bjørkneset i Hyen, dette kom på delt 145 plass saman med 20 andre bilder. Det fekk 22 poeng og totalt 485 bilder var med i denne runda.
Eg trur eg må komme meg meir ut i felten for å klare og holde meg i dette sjiktet. Men skal iallefall prøve det eg kan.


May Britt og familien var innom i dag tidlig før dei skulle på julemiddag på Skei