Det er ikkje alltid berre ein måse!! Dette er ein Sildemåse og det ser eg på dei gule beina, mørk rygg med små kvite flekkar på vingespissane og so er det noke mindre enn Svartbaken som den kan forvekslast med.
Eg har lenge ønska og ta eit slikt bilde, men det er ikkje ofte ein får muligheten til det og so ska ein no klare og treffe og då. Men eg er bra fornøgd med dette, sjølv om det er noken små ting eg kunne tenke meg og hatt andleis. Eg har ikkje brukt stativ eller VR bare knea som støtte.