lørdag 18. april 2009

Eg har venta lenge på vårblomstrane




Idag gjekk eg og gutane ein tur langs Veslevatnet, og etter kvart kom vi opp i elva som renner inn i vatnet. Der var det kvitveis i elvekanten. Der blei det ein lang stopp, to småkarar som bomba elva med det dei fant, ein far med ræva i sky og ein stakkar i vogna som lurte litt på ka so gjekk av desse so alt for nære slektningane sine. Det var herlig vær i dag og, vi endte inne i moseskogen som eg kalla den. Det er eit plantefelt med gran som er overgodd med mose på trea og på bakken. der åt vi litt niste og tok masse bilder. Og bomba elva selvfølgelig!!


torsdag 16. april 2009

Sjølv om det er blitt kveld kan ein ta bilder.







Det er mange følelsar ein kan kjenne på, men det er ikkje alltid so godt å sette ord på dei. Somme tider kan ein føle seg innestengt, andre tider kan ein føle seg forvirra, å ikkje vete heilt ka veg ein ska ta. Eller kanskje følar ein at ein stikke seg samma kor ein landar.

fredag 10. april 2009

Kva er ein fin kvist????







Eg hadde meg ei runde rundt gamle lada til svigers i går, og det er so masse motiv på dei gamle veggane at det er vanskelig å bli ferdig. Men det er jo vanskelig og seie kva som er bra og kva synst betraktaren om kvistane? kva er ein fin kvist eller stikar???
Kom gjerne med dine tankar!!


Vi har påskebesøk, og det er fullrulle heile dagen

Nabohunden likte å få besøk.

Prinsess Paris i hundre.


Elghunden Peik til Ingrid og Rogerio.

Og so var det besøket da..............

Storspoven er komt på Mardal, so no er det virkelig vårstemning


onsdag 8. april 2009

Furukorsnebb i morgonsol


Desse flotte fuglane kom eg over i dag mens eg kjøyde turløyper i dag tidlig, det var eit herlig morgonlys men dei lot meg bare kome inn på 10-15m. kunne godt tenkt meg å komt nærmare men det lot seg ikkje gjere. Men fekk likevel nokre bra bilder av dei mens dei åt frokust. Bilda er tatt når eg nesten er ferdig i 8 tida.



Hoa er grønaktig.








mandag 6. april 2009

Her kan du følge Jesber sin tur på Grønnlandsisen.

Thule til Thule er det ekspidisjonen til Erik Bruun Jørgensen og Jesper Melin Ganc-Petersen heiter. det er ein ekspidisjon som skal følge i fotspora til Knud Rasmussens og er 3500km lang.
Dei brukar ski, pulk og kites på Grønnlandsisen.

http://www.thuletilthule.dk/index.php

Her er meir utfyllande info og oppdatert dagbok for kvar dag. Ekspidisjonen er venta og vere framme 15 juni.