Dette er plassen eg vaks opp ca 320 moh og med fritt ut syn over Gloppefjorden.
Dette er plassen eg vaks opp ca 320 moh og med fritt ut syn over Gloppefjorden.
Dei to paralelle spora i blodet trur eg er bakbeina på ekornet.
Denne fjæra virkar for meg å vere frå ein gran- eller furukorsnebb hann. Då desse er raude i fjærdrakta og ofte ned på bakken for å spise snø til det noko tørre kostholdet som er frø av gran og furu. Dei kan vere ganske tilitsfulle eller berre "surrete" av og til noko som eit ekorn lett kan utnytte.
Dette er nokre av dei første bilda eg tar med denne teknikken og dette gir meir smak. Blir nok ein del rare bilder frå meg framover. samtidig som det blir bilder frå nærmiljøet når eg ikkje kommer meg nokon plass på ei stund. Tar i grunn denne påtvungne turkarantena som ei utfordring til å ta bilder på tunet eller i heimen. Men håpa fruen kommer seg bra fort på beina igjen so eg kan komme meg til fjells når orren begynner å spille iallefall, men det er eit stykke fram enda.
Stake på Nordfjordeid mens eg venta på at fruen skulle bli ferdig operert på Onsdag.
Ytre delen av Gloppen med Hestenesøyra, Skjærdalen, Hyeneset og Skeistranda. Dei 3 sist nevnte er veglause.
Det er no litt deilig å høyre og sjå fuglane kor dei begynner å kurtisere kvarande og hævde revir allereide. Det er no enda nokon mnd til eg kan legge meg i enga igjen å sjå på småkrypa.... men det blir deilig..., tenk ferdig med eksamen og berre sommar, sommar og sommar;o)
Eg, Patrick og Michael på 8 og 5 år reiste på overnattingstur til Åstjønna i går kveld. Eg hadde på førhand slengt ut ein spørsmål på FB om det var nokon som ville vere med på lavvotur denne natta, men det var heilt stilt!! Kanskje like greit for eg fant søren ikkje igjen stanga til lavooen, so det blei telt. Trur nok det hadde blitt litt kaldare i lavooen enn i eit telt når vi er so få som 3, so detta vart bra likevell. Eg var litt spent på korleis ungane kom til og klare 10-15 minus grader men har ikkje hørt noko om frysing etter dei kom i soveposane. litt før dei fekk lagt seg og litt i dagtidlig på beina er det einaste sytinga. Dei synst dette var storstas og ville gjerne vere med på fleire vinterturar. Eg har kjøpt ein sovepose til kvar, men dei er berre beregna ned til ca 0 grader so eg tok med to posar eg har brukt før so dei låg i dobleposar. Eg har ein ny Ajungelak Tyin 5 seasen so meg er det ikkje synd i lenger;o)