søndag 31. juli 2011

Eg trudde eg var kjent i min eigen kommune... men NEI!!

Eg og resten av familien var på Ryssdalstøylen saman med nokre venner i går til i dag. Når kvelden kom signade på fekk eg ein annledning til å gå meg ein tur i ein dal eg aldri før har vore i. Eg tenkte at det er no berre ein liten dal som eg alltid har berre kikka bort mot i heile mitt liv. Er no ikkje noko spennande der vell. Så grunndig feil kan ein ta. Det endte med ein forholdsvis dårlig bilde messig tur. Eg vart så betatt av stillheten og landskapet at eg glømte å ta bilde i den beste tida av døgnet. I staden fekk eg roa heilt ned å kjenne dalen og naturen på pulsen. Eg ausa ein gammal pram og tok med fiskestanga, ei øl og seff kameraet. Eg fekk 3 små fiska, dei er av ypperste kvalitet. Eg tok nokre bilder innimellom. men det vart mørkt før eg fekk begynne å leite litt etter motiva.

Dette bilde er av det fremste vatnet. Det virka for å vere grunt og myrete.


Ein lom flaug over meg på veg heim til sine håpefulle i eit anna vatn. Det er noko spess med denne fuglen som ikkje fiskar i det vatnet den hekkar. Den er liksom symbolet på ekte villmark.

Er det nokon som kan sjå om det er smålom eller storlom på siluetten.

Dette er idyll!!!!!

Gammal å god.
Dette er ved det inste vatnet, dette er mykje større og djupare enn det yste vatnet.
Her er fisken raud i kjøte .

Storekvila heite det her. ved den ysteenden av instevatnet. Ein fantasitisk idyllisk plass som var eit samlingspunkt mellom Ryssdøle og Kanndøle før i tida. Her er det framleis stelt og fint sjølv om det ikke er så mykje brukt lenger.

Det var berre sauer å sjå denne kvelden, men trur nok det er både hjort og hare her ellers.

Eg vart overaska over kor ope det eigentleg er her inne mellom dei høge fjella.


Dette er det yste vatnet igjen på veg heim. Det er ikkje lett å gå på utkjente plassar når motiva stortsett er langt frå stiar som eg ikkje ein gong veit kor e.
Desse siste bilda er tatt med 1.30 min lukketid og 2.30 min lukketid og f8 blendar så det var begynt å bli ganske mørkt.


Skal jammne bli spennande å bli kjent med denne dalen og fram over.

mandag 25. juli 2011

Eit Russisk kor hadde ein kjempe flott konsert i Vereide Kyrkje i gårkveld

Jentene gjekk inn inngangen, mens gutta kom inn bak alteret.

Ein glad å spent gjeng.
Det kunne godt vore fleire som tok turen i kyrkja denne kvelden, for dette var virkelig ein opplevelse.







Det vart etter kvart ståande applaus i kyrkja etter at det Russiske koret hadde fyllt heile den store kyrkja med begravelsessang.

tirsdag 5. juli 2011

FotoVideo og Sigma var i Førde i dag.

Sigma 85mm f1.4
Eg fekk teste nokre av objektiva dei hadde til nikon , men dessverre hadde dei ikkje 120-300mm f2.8 OS til Sigma som eg var mest intressert i å prøve. Men eg fekk prøve Sigma 300mm f2.8 . Det er nok mange ting som kunne vert gjort annleis reint teknisk på alle desse bilda mine, eg var nok mest ute å skaffe meg eit første inntrykk i solskinnet.

Gråspurven er no fotogen uansett synst eg.
Sigma 300mm f2.8

Sigma 85mm f1.4
Å treffe fokuset rett med f 1.4 er no litt bingo

Sigma 300mm f2.8 Fort å bli forsein
Sigma 300mm f2.8 Målfoto

Sigma 300mm f2.8 Portrett
Sigma 300-800mm f5.6 Tatt frå trailer taket, så det var ikkje lett å holde i ro sjølv med stativ, mange som gjekk rundt nede.

Eg prøvde ellers 120-400mm til Sigma men den fekk eg ikkje til å like. Den var kjekk med at den har zoom men kvaliteten på bilda vart noko anna enn 300mm fast ja!!!
Eg må virkelig få takke gjengen som jobba i dag, dei ga god service å mange råd til oss som ikkje har testa desse dyre greiene noko særlig enda ;o)


torsdag 30. juni 2011

Michael på fisketur

Carlos med ein av sine første fiskar. Kjempe morro når ein 3åring kan sveive inn fisken sjølv.
I går kveld fekk vi 10-15 fiskar og Carlos og Michael storkosa seg. Eg og Marianne hadde meir enn nok med å henge makk på krokane deira.

Etter storfangsten var naboens kyr veldig spente på om det vart samme kjøret i dag som i går.

Michael er veldig konsentrert og spent på om det blir noko ørret i dag.

Lina er stramm og det nappar..

..vips så flyr ein flott ørret igjennom lufta og vi er i gang igjen.

Michael med den førsta for dagen.

Ein ny ørret er på kroken ...
...kampen er jamn mellom desse to.

Kampen er over, den unge fiskaren har nok ein gong overvunne ein motstander.
Det er kjekt å sjå kor oppslukte borna blir av dette, og kor lett dei lære.

Bonderomantikk må ein no kunne kalle dette, fisking i kulturlandskap med masse kyr som følge med.

Fangsten sikra i flotte omgivelsar under Ryssdalshornet.

Fiskeperspektiv av ein ung og ivrig fiskar

Litt undervansvegitasjon

søndag 26. juni 2011

Odd Bjørn har fått seg ein skulptur av seg ved Gloppen Hotell

Kva e det som skjule seg under alt dette..... det trur eg det var mange som lurte på.

Skulle gjerne vist kva som surra rundt i desse to hauda!!!! Odd Bjørn og kunstnar Stig Eikaas.

Siggen e klar for å feira sin snart 50 årsdag..... (håpa vi snart e ferdig så eg kan begynde snart....)

Kunstnaren var i storslag og var stortsett over terra fysisk og psykisk..

Skulpturen og Stig Eikaas.

Hovudpersonen med stamfaren i rødt i bakgrunnen.

Gruppebilde... Odd Bjørn Hjelmeset, Kunstnar Stig Eikaas og leiar i Fjellhug/Vereide Sigmund Vereide.

søndag 19. juni 2011


Her er ein film frå siste turistskip annløp i Gloppefjorden


Dessverre fekk eg ikkje lasta den opp i betre kvalitet og eg ser den har mista 16-9 formatet som den eg egentlig hadde. Eg lærer vel etter kvart ;o)
Eg brukar Final Cut Og skal nok ha muligheter til å få det til!!

torsdag 16. juni 2011

Turistskipet Braemer kom på visitt til Sandane i dag

Det er ein fantastisk flott dag å ta i mot turistar på i dag. Dei som kom i land her på Sandane var mellom 90-100 stk som skulle ta buss til Fjærland og tilbake til Olden. Der dei skal gå ombord igjen ca kl 18. Skipet kom inn fjorden i 0630 tida i dag og gjekk ut Gloppefjorden igjen ca kl 0900

Det var nok mange så lurte litt når dei fekk gnidd søvnen ut or augo i dag tidlig.


3 bussar stod klare til å frakte gjengen på ein flott rundtur.



Det var ikkje meir enn to turar denne trengte for å frakte nesten 100 personar i land.


Med spegelblank fjord å forsatt snøkledde fjell er det kjekt å vise fram naturen vi har rundt oss.

Dette må no vere ein fantastisk flott måte å sjå Vestlandet på. Frå både fjorden og langs vegane.

Takk for nå, å håpe neste annløp blir det like gøtt veir!!