lørdag 28. mars 2009

Innlegg nr 400 blir eit bilde av ein Kjernebiter.

Snøhornet i morgon sol


Kjernebiteren som eg fekk festa på brikka tidlig på morningen på onsdag. Eg er nok litt vell hekta når eg tar ei fotorunde før skulen begynne kl 0815. Eg traff på denne i parken ved Høgskulen i Volda, Eg har beskjært bildet til høgdeformat å klona vekk nokon greiner oppe til venstre. Håpa dokke likar bildet.



fredag 20. mars 2009

Ulykke på Sandane i natt.

Her er ferda igjennom sentrum, Det ser ut som bilen har starta ved Sandane Hotell etter spora og dømme.




Og endte her i gatekjøkkenet Prixhjørnet. Vi får håpe det står bra til med sjåføren og at det dreia seg om mest matrielle skadar. Han har nok fått hard medfart etter denne smellen.
Dei 3 siste bilda er publisert på www.nrk.no/sfj og her kan ein finne oppdaterte opplysningar om ulykka.

mandag 16. mars 2009

Då fekk eg sjangsen til nokon bilde av reinsdyra her på Mardal

3 av 8 i denna flokken, men det er sansynligvis ein flokk til på Søreide.


Dei er ganske husvarme etter kvart desse flotte dyra.




I lett jogg kom dei i mot meg og paserte på 15 meters hold, eg måtte zoome ut for og få med heile dyret.






Dette er blir nok ein skikkelig staselig kar ut på hauseten.












" Steik! han ser ikkje go ut han der fotografen"


Og siste gongen eg fotograferte reinen i dag kom sola litt fram før ho sklei ned bak fjella. Det ga eit herlig lys, berre litt synd at eg stod litt for langt i frå akkurat då.


søndag 15. mars 2009

Sidensvansen tok turen inn om epla mine i dag







Heldig med sidensvansen i dag og, eit individ kom inn om foringsplassen min i dag for og forsyne seg av elpa mine. Den var ganske skvetten ovenfor svarttrasta og gråtrasta, men fekk seg noken go bitar alikavell. Desse bilda vart dei beste i det dårlige lyset som var i kveld. Den satt i treet utanfor lada og lot meg kome på 4-5 meters hold. Ikkje enkelt og få skarpe bilder med 500mm på frihand. Håpa den er her i morra og so kanskje det blir bedre bilder etter kvart.

Jardalen frå Haugsvarden


lørdag 14. mars 2009

Ka med og starte skituren litt tidligare enn vanlig og få med seg når natt blir til dag.







Dette er synet som møter meg når eg kjøyre opp turløypene på Kleivane skisenter. Det er so fredfylt og deilig, i natt stoppa eg maskina 3 gongar for og gå ut og nyte stillheten, lyset og den bitande kulda. Sove kan eg gjere ein annen gong. I natt har månen fulgt meg heile natta, den har nærmast trilla på Sørstrandsfjella og gjekk ned når himmelen rødma i aust.






God tur til alle saman

Då var det heim og legge seg ;o)


onsdag 11. mars 2009

Her er løypemaskina og dens rike i bakgrunnen, det vert kjøyrd løyper frå Haugsvarden, som er den lille toppen i himmelsjå og inn her nesten kvar dag, alt etter veir og føre forhold. Så her er det berre og ta skia fatt og kome seg ut i naturen. Sjølv må eg innrømme at her møte du nok ikkje meg uten maskina, for eg likar meg best der ingen andre finne på og gå.