torsdag 22. april 2010

Orreleik....nesten i allefall!!!

Fantastiske fjell vi har her på vestlandet!!

Denne turen vert det lite fotografering då eg prøvde meg på filming med eit Canon 5D mkll. Filmen lar nok vente på seg, eg veit ikkje om det er noko og publisere heller hehe. Eg er heilt fersk på video delen og hadde i annledninga berre lånt eit kamera for å prøve ut om eg skal ta steget til ein D300s eller evt D700s om den skulle dukke opp etter kvart. Eg synst det virkar veldig spennande og jobbe med film og, men det er jammen krevjande fekk eg erfare. Det blei derfor ikkje so mange bilda eg fekk tatt. Hardt gjekk det på minne korta mine og, det var ikkje mange filmsnuttane eg brukte på fylle korta på både 2- 4 og 8 GB


Turen blei ikkje heilt som eg hadde drømt om. Eg hadde nok tatt ryggen og magen forfull når eg trudde eg kunne få med meg alt eg hadde tenkt. Det er ikkje ofte eg har måtte be gutta om pause og dei står og flira og etter kvart faktisk surta for eg er for treig!! Men ok, eg har lært....trur eg;o). Neste gong skal eg ikkje ha to sekka med meg. Eg bar tungt, men gutane skal jammen ha skryt for at dei bar tungt dei og. Dei fekk seg nye sekkar begge to i annledning årets andre overnatting så no kan sommaren berre komme.
Vi var på G-sport rett før turen og henta dei to sekkane vi hadde sett oss ut på før hand. Dei klarte å bære sin eigen sovepose, liggeunderlag og kleskifte ++. synst det er godt gjort for ein 5 og 8 åring. 5 åringen ramla og datt heile tida so eg måtte gå bak å støtte han litt. Til tross for det var det ikkje anna syting enn pappsen var for treig! Sekkane virka nok litt store til minsten men var perfekt til eldstemann. Det er ein Bergans Nordkapp på 18L dei har fått. Der går det lett ned i ein Norheim Midgard sovepose og litt klær og div til turen. Minuset kan vere at liggeunderlaget kommer langt bak på sekken om ein brukar reimane frå topplokket. då blir sekken baktung og uballansert for minstemann.
Det er reimfeste opp på topplokket som kan vere ei betre løysning, men då må ein ha ekstra reimar. Det er eit godt hofte belt og stramming i sida på denne sekken noko som eg synst er viktig.

Det blei ikkje orreleik på oss denne gongen då vi måtte slå leir mykje tidligare enn eg hadde tenkt, men vi hørte dei når vi vakna. Det var spennande sjølv om dei ikkje trakka rett utanfor teltet. Ugla hørte vi når vi skulle legge oss so villmarksfølelsen fekk vi jammen alikavell.


Michael pakkar posen sin og er snart klar til heimreisa.
Nedatte turen var mykje lettare, men måtte ha litt hjelp når en dette som gapnast.
Heime satt ein lettare missunlig to åring som er heilt klar på at når han begynner på "Springar"( storavd i bhg) skal han og vere med på tur!!! Her har vi han i litt soveposekos når eg lufta og tørka utstyret på plenen. Eg synst det er viktig at ongane får styre og kose med tinga så dei lære seg kva det er for noko og ikkje er redde soveposen den dagen vi er milevis heima frå. Ofte får dei ligge i soveposane sine i senga heime i nettene før vi skal på tur ( vist eg har planlagt turen fleire dagar i forvegen då;o) )
Takk for turen Michael og Partick

lørdag 10. april 2010

Masse småturar i det siste.

Her er heile familien på tur på Vereide, fruen har tatt vidvinkelen og knipsa meg og Carlos

Her har ho fått tak i 70-200`en og foreviga meg på ein super måte...

Michael spiddar pølsa og kosa seg kjempe masse.


Elaine og Carlosi fyr og flamme ;o)



Patrick kosar seg med bålkos.




tirsdag 30. mars 2010

Bare ei ørn

Ei havørn kom glidane igjennom dalen i eit deilig grisevær med vind og våtsnø. eg synst det er lettare å skape stemning i dette været enn i strålande sol. (sjølv om alt vart vått å filteret såg ut som det var spylt...)

mandag 29. mars 2010

Kva skog vil vi ha her på vestlandet?


Eg kunne lese i lokalavisa for ei lita stund sida at no var det satt i gong utrydding av gran i eit naturreservat. Flott synst eg, for det er jo ein tresort som naturlig ikkje høyre heime her på vestlandet. Kansje burde det blitt gjort meir for å redusere desse skogane som ofte er temmelig artsfattige, iallefall i plante felta.

Det er store verdiar som bør hentast ut når det alikavell vart planta ut so mykje som det er blitt. Men skal man då stanse hogst pga dei artane som har valgt å bruke desse områda. Eg får ikkje dette til å henge heilt saman.

Det blir gode biotopar for mange artar etter kvart som fleire og fleire tre dør og rotnar opp og blilr fine lysningar inni mellom. Men skal vi ta vare på det vi har tukla med før eller skal vi heller prøve å rette oppigjen etter det vi har gjort. Eg er ingen ekspert på verken skogsdrift eller artsmangfald, men trur dette strir litt mot vanlig folks oppfatning av naturvern.

Det er godt mulig eg har bomma på noko her, men dette er no mi oppfatning. Har nokon noko på hjartet so tar eg gjerne i mot kommentarar.


Etterkvart som skogen dør blir det meir liv i plantefelta, men det var no ikkje for å rotne det vart planta.

Dillemma dette, for det ser ikkje så bra ut dette heller over store områder.

mandag 22. mars 2010

Skimorro med Oddbjørn





Her er eit lite slideshow frå forge helg då Oddbjørn var på Kleivane Skisenter. Mykje glade ongar. Eg har ikkje hatt tid og tilgang på rette pc en før no i helga så det er grunnen til at eg ikkje har fått ferdig denne før no.


søndag 21. mars 2010

Ein liten luftetur med gutane mine, masse å sjå og undre seg over.

Her ein liten snutt med lyd og bilder frå ein luftetur. Eg fekk tatt litt bilder å tatt opp litt lyd mens vi kikka på fuglar langs vegen. Morro å høyre korleis barn tenkjer.

Dette er og litt som ein test av den nye Zoom H4n som eg tar opp lyden med. virkar kjempe spennande å jobbe med. Må nok fine på noko for å utelukke andre lydar når eg vil f.eks ha sangen frå kun ein fugl. Er det nokon med kompetanse på sånt so tar eg gjerne imot tips, for på lyd er eg heilt fersk. Det er rett og slett ein ny verden, men duu so spennande verden;o)

onsdag 17. mars 2010

Ei reise i vinterlandskapet.

vinternaturbilder from Ronny Solheim on Vimeo.

Her er bilder som er publisert tidligare. men ikkje på bloggen sånn. Det er sikkert nokon som har sett det før, men eg legger det ut på denne måten no. Håpar eg kan komme med fleire sånne slideshow ut over våren om det passar seg sånn. Håpar dokke likar det å eg setter pris på ris og ros så eg kan bli bedre etter kvart.

Eg har endelig fått lært meg korleis eg kan legge inn slideshow på bloggen min av Stian Holmen;o) Det er enkelt når ein kan det, men når ein skal finne ut av det sjølv er det søren ikkje lett nei. Takk Stian