torsdag 29. april 2010

Oddbjørn Hjelmeset var heime og delte ut premiar kveld

Her er det mange som skal få seg ein premie.

Oddbjørn fekk seg eit termometer med dialekt ord so han kan vete kortid det e fjelgt og hustrigt.

2x Hjelmeset





Alle skal få, store som små ;o)

onsdag 28. april 2010

Nokon som har sett Gjerdesmetten i vår


Er det fleire enn meg som ikkje kan huska å sett Gjerdesmetten i vår. Det kan nok ha vert ein hard vinter for denne arten i vinter med so streng kulde for dei som ikkje har trekt sør over.
Det var ein som spurte meg ein dag om eg hadde sett eller hørt smetten i vår som har fått meg til og stusse litt. Så gi gjerne tilbake melding om det er andre som sakna den og eller om det berre er eg som har oversett den i vår.

Eg hadde eit viktig oppdrag i dag!!!

http://eilandersopfjellbygda.blogspot.com/



Gå inn på denne linken og sjå bildet mitt som eg var og signerte i dag. Det er ein heil vegg på ein gjenbruksbutikk her på Sandane som er tapetisert med eit av bilda mine. Eg er strålande fornøgd med resultatet og håpa mange vil stikke inn på Hyggeliv butikken på onsdag. Då skal dei opne. Det er mykje anna spennande og sjå enn bildet mitt ;o)

tirsdag 27. april 2010

Påskeliljene står kjempe fint på i dei grønande bakkane

Påskeliljene vart dagens avveksling frå studiane. Deilig og kunne koble av litt med og komme seg ut og fotografere. Eller kanskje det er meir at eg må ut å stille abstinensen som eg har mens eg skal skrive ;o)





mandag 26. april 2010

Vårnattas fantastiske stemning

Blir nesten som eit eventyr å gå tur i sånne omgjevnadar






Ein føle der er nokon som ser deg heile tida....



torsdag 22. april 2010

Orreleik....nesten i allefall!!!

Fantastiske fjell vi har her på vestlandet!!

Denne turen vert det lite fotografering då eg prøvde meg på filming med eit Canon 5D mkll. Filmen lar nok vente på seg, eg veit ikkje om det er noko og publisere heller hehe. Eg er heilt fersk på video delen og hadde i annledninga berre lånt eit kamera for å prøve ut om eg skal ta steget til ein D300s eller evt D700s om den skulle dukke opp etter kvart. Eg synst det virkar veldig spennande og jobbe med film og, men det er jammen krevjande fekk eg erfare. Det blei derfor ikkje so mange bilda eg fekk tatt. Hardt gjekk det på minne korta mine og, det var ikkje mange filmsnuttane eg brukte på fylle korta på både 2- 4 og 8 GB


Turen blei ikkje heilt som eg hadde drømt om. Eg hadde nok tatt ryggen og magen forfull når eg trudde eg kunne få med meg alt eg hadde tenkt. Det er ikkje ofte eg har måtte be gutta om pause og dei står og flira og etter kvart faktisk surta for eg er for treig!! Men ok, eg har lært....trur eg;o). Neste gong skal eg ikkje ha to sekka med meg. Eg bar tungt, men gutane skal jammen ha skryt for at dei bar tungt dei og. Dei fekk seg nye sekkar begge to i annledning årets andre overnatting så no kan sommaren berre komme.
Vi var på G-sport rett før turen og henta dei to sekkane vi hadde sett oss ut på før hand. Dei klarte å bære sin eigen sovepose, liggeunderlag og kleskifte ++. synst det er godt gjort for ein 5 og 8 åring. 5 åringen ramla og datt heile tida so eg måtte gå bak å støtte han litt. Til tross for det var det ikkje anna syting enn pappsen var for treig! Sekkane virka nok litt store til minsten men var perfekt til eldstemann. Det er ein Bergans Nordkapp på 18L dei har fått. Der går det lett ned i ein Norheim Midgard sovepose og litt klær og div til turen. Minuset kan vere at liggeunderlaget kommer langt bak på sekken om ein brukar reimane frå topplokket. då blir sekken baktung og uballansert for minstemann.
Det er reimfeste opp på topplokket som kan vere ei betre løysning, men då må ein ha ekstra reimar. Det er eit godt hofte belt og stramming i sida på denne sekken noko som eg synst er viktig.

Det blei ikkje orreleik på oss denne gongen då vi måtte slå leir mykje tidligare enn eg hadde tenkt, men vi hørte dei når vi vakna. Det var spennande sjølv om dei ikkje trakka rett utanfor teltet. Ugla hørte vi når vi skulle legge oss so villmarksfølelsen fekk vi jammen alikavell.


Michael pakkar posen sin og er snart klar til heimreisa.
Nedatte turen var mykje lettare, men måtte ha litt hjelp når en dette som gapnast.
Heime satt ein lettare missunlig to åring som er heilt klar på at når han begynner på "Springar"( storavd i bhg) skal han og vere med på tur!!! Her har vi han i litt soveposekos når eg lufta og tørka utstyret på plenen. Eg synst det er viktig at ongane får styre og kose med tinga så dei lære seg kva det er for noko og ikkje er redde soveposen den dagen vi er milevis heima frå. Ofte får dei ligge i soveposane sine i senga heime i nettene før vi skal på tur ( vist eg har planlagt turen fleire dagar i forvegen då;o) )
Takk for turen Michael og Partick

lørdag 10. april 2010

Masse småturar i det siste.

Her er heile familien på tur på Vereide, fruen har tatt vidvinkelen og knipsa meg og Carlos

Her har ho fått tak i 70-200`en og foreviga meg på ein super måte...

Michael spiddar pølsa og kosa seg kjempe masse.


Elaine og Carlosi fyr og flamme ;o)



Patrick kosar seg med bålkos.