fredag 17. september 2010

Ein tur langs eit vatn ein seinsommar morning.

Blåvinge

Fluge...
Korsedderkopp...trur eg :o)

Libelle

Klar til nytt liv..
Siste dråpe..

Soloppgangen som kom forseint...

søndag 12. september 2010

Eg var so heldig å få fotografere Bratt sykkelklubb i Volda

Det gjekk heftig for seg med luftige svev.









Og at dette skulle gå utan skadar var vell ingen som trudde...

Eg var med Trond Eirik Kupen å fotograferte under løpet og på besiktelsen før løpet. Vi hadde kvar vårt blitssystem med to blitar kvar. Eg brukte hovudsaklig vidvinkel og ein Nikon Su-800 til og styre blitsane mine. Trond Eirik brukte elichrom radiosendare og det funka mykje meir stabilt enn mitt system, men eg har TTL mens han må stille inn blitsane manuelt. Spørst om det blir litt invistering i radio etter kvart. Vi var i skogen i 7 timar tok fleire hundre bilder, det blir jammen ein del bom når det går so fort. Det var heldigvis ikkje sol, men overskya og litt regnbyger innimellom så det vart fort irrgrønt i skogen.

Etter på vart det eintur på Rokken.....

torsdag 9. september 2010

Ein liten tur i Hyen i dag

Ommedalen og Mjellem/ Rognkleiv




Rognkleivsstøylen

Mjellem/ Rognkleiv
Mjellem/ Rognkleiv . Eg er desverre ikkje sikker på kva som er kva hehe ;o)

Mjellem/ Rognkleiv
Mjellem/ Rognkleiv og Ommedalen
Ommedalen frå oven


Haustfargane er absolutt begynt å farge fjellet. Berre so synd det virkar for at godværet er på hell. Og at det nærmar seg ei ny skule veke.


tirsdag 7. september 2010

Dagens tur gjekk til Åsebøvatnet...

Hausten er so smått begynt å sette farge på landskapet der ute, foreløbig er det nok mest detaljane som er farga til haustfest.

Eg skulle so gjerne hatt med meg 60mm makro i dag...

...og når eg såg at den ikkje låg i fotosekken, men kom på at den låg i ein annan sekk, såg er rett og slett rødt!!!! Det blei manuell 50mm 1,8 og eit raudt filter til eg kom ned på jorda igjen.

Og eg må tilstå.... eg har aldri før vert på Åsebøvatnet!!! Litt flaut, men betre seint enn aldri. Det eg såg ga iallefall meirsmak og håpa eg komme meg fleire gongar ut her ut over hausten.

Dimma har eg vore på mange gongar før. Her er Nedre Dimmastøylen.

søndag 5. september 2010

Helgas turar i Olden

Skarstein tunet kor Elaine voks opp. Her var det livleg i helga, med mange ungar og ellers slekt frå Tønsberg og Ålesund. 15 stykke med smått og stort.

Per kikkar heim på ein fantastisk tur til Skarsteinfjellet på 1506 moh trur eg det var. Men vi gjekk ei rute som ikkje er merka og bomma nok litt so vi rakk ikkje toppen. Endte ca hundre høgdemeter lenger nede frå toppen. Men alle var vi einige i at dette var godt nok for oss so vi stressa ikkje med og klatre meir for dei siste meterane...

... det var no vist høgt nok for meg iallefall!!!! Eg er pingle på dette feltet!!

Men med litt sjokolade og sjølvpsyking so fekk vi tatt litt morro bilder.



Sigmund med ein pust i bakken på veg opp.

Her er vi på veg opp frå Fossen som er der selet til svigers står. Vi var 11 stk der natt til laurdag, og 6 av oss låg ute under open himmel.

Litt av ein stjernehimmel det var i helga. Sånn såg den ut når eg låg ute natt til i dag etter ein tur på fest......

Kveldssola på Skåla

Natta har senka seg og om du klikkar på bildet og ser godt etter ser du lys frå Skålatårnet

Takk for ein flott tur ;o)

onsdag 1. september 2010

Eg har levert bildet til Barnehagekonferansen i Molde i år og

Eg har vert so heldig og levere bilder til denne konferansen dei to siste åra. Bildet her er mitt men det er ikkje eg som har designa det.

Og her er litt meir info for dei som er spess interesserte
http://prod20.www.utdanningsforbundet.no/Fylkeslag/More-og-Romsdal/Barnehage/Barnehagekonferansen/

tirsdag 31. august 2010

Inngjerding av Briksdalsbreen

Det kalva i breen mens eg var der i dag og men det var langt oppe og ikkje noko som om heilt ned.

Breen ser tilsynelatande ufarleg ut på avstand, men isen som flyt rundt i vatnet kan vitne om at det kommer ned ein del is. Det var ein sånn isbit eg brukte på bilda i forge innlegg der kameraet er halvt under vatn.

Her er gjengen på synfaring for å få opp eit betre gjerde for og holde turistane borte frå brefoten. Etter at ein tysk turist fekk ei isblokk over seg nyleg.