torsdag 4. februar 2010

20 000 sideviningar!!!

Eg ligger nok i ei heilt anna klasse enn f.eks Terje Hellesø som har 45 000 sidevisnigar berre i januar, men eg er stor førnøgd men 20 000 visningar totalt og 5000 berre dei siste 3 mnd;o)

Greit med litt fakta og tall, men det er no ikkje berre for eg ser det er liv på bloggen min at eg sitte ute til eg ikkje kjenne tærne mine lenger, eller er suppevåt av regn og myrvatn. Det å komme seg ut å få kjenne på naturen og roen der, er berre heilt utrulig. Fyre opp eit bål sjølv om det ikkje er for meir enn ein time er medisin for dagar. Mange synst eg er flink og komme meg ut men det er ikkje heilt einig i. Eg er alt for lite ute sjølv om eg gjerne er ute i skog og mark fleire dagar i veka. Det eg føle er skikkelig avkobling, er når eg kan overnatte ute i det fri særlig i fintvær under open himmel med eit deilig leirbål. Berre ligge der å sjå på stjernene og bålet.. lytte til lydane i skoge. tenke ein tanke heilt ut utan at det er noko som forstyrrar. Dette er noko eg har dreve med sida eg var liten. Starta med teltet på plenen, så ut på "fotballbana" ( heilt i skogkanten og sikkert ei bane som dei har på Flo, med fleire meter høgde forskjell) der overnatta vi flittig. Etter kvart vart det fjellturar med kompisar. Eg var ganske aktiv heilt til eg begynte å få ungar. Då stoppa det litt opp. Eg kjøpte meg riktig nok eit film basert speilreflekskamera i 2002, men vart ikkje so mange filmane som blei sendt inn. var kjedelig og vente fleire mnd på korleis bilda såg ut. Men så kom dagen eg skulle bli voksen (var eg redd for). Elaine samla gjengen og her skulle det feirast Ronny var blitt 30 år!!! Eg hadde eit ønska for dagen, det var pengar i staden for snabeltruse!! Saknet etter å komme seg ut igjen var begynt å bli stort Eg hadde sett på eit nytt Nikon kamera;o) Det vart ikkje snabeltruse men nok pengar frå venner og slekt til og kjøpe ein Nikon D40. Det er eg so glad for den dag i dag at eg kan ikkje få sakt det. Det kom på sjølvaste lillejulafta.

Det vart ein annan verden. Etter det har det gått 3 år og D40 lever den dag i dag, men på andre sida av ferga. Fotosekken er blitt større og dilla har vel tatt litt av. Men eg trur eg trenger den. Kamerane får meg ut i frisk luft og det er eg sikker på det er fleire som trenger. Men vi må alle finne kvar vår unnskylding for og komme oss ut!!!




Så mi oppfordring blir:

Patrick på barnasturlag tur i haust.

Ingen kommentarer: