Eg, Patrick og Michael på 8 og 5 år reiste på overnattingstur til Åstjønna i går kveld. Eg hadde på førhand slengt ut ein spørsmål på FB om det var nokon som ville vere med på lavvotur denne natta, men det var heilt stilt!! Kanskje like greit for eg fant søren ikkje igjen stanga til lavooen, so det blei telt. Trur nok det hadde blitt litt kaldare i lavooen enn i eit telt når vi er so få som 3, so detta vart bra likevell. Eg var litt spent på korleis ungane kom til og klare 10-15 minus grader men har ikkje hørt noko om frysing etter dei kom i soveposane. litt før dei fekk lagt seg og litt i dagtidlig på beina er det einaste sytinga. Dei synst dette var storstas og ville gjerne vere med på fleire vinterturar. Eg har kjøpt ein sovepose til kvar, men dei er berre beregna ned til ca 0 grader so eg tok med to posar eg har brukt før so dei låg i dobleposar. Eg har ein ny Ajungelak Tyin 5 seasen so meg er det ikkje synd i lenger;o)
Neste gong håpar eg det er fleire som vil vere med på noko sånt.
Takk for turen gutar.
Neste gong håpar eg det er fleire som vil vere med på noko sånt.
Takk for turen gutar.
4 kommentarer:
Hei Ronny!
Flotte og stemningsfulle turbilder. Det frister å komme seg ut på tur når en ser slikt!
mvh Knut Børge
Dette såg flott ut under fullmånen. Såg bilen når eg var på måneskinnstur. No forstod eg grunnen:)
Anders
Dette er et flott tiltak mht den yngre generasjon :)
Ser jo at dere har hatt det aldeles fortreffelig ;)
Fine bilder!
Takk for fine kommentara;o)
Ja vi storkosa oss det er sikkert, og vi hørte gutta oppe i skauen som hauka og lo hehehe!!!
Legg inn en kommentar