tirsdag 7. september 2010

Dagens tur gjekk til Åsebøvatnet...

Hausten er so smått begynt å sette farge på landskapet der ute, foreløbig er det nok mest detaljane som er farga til haustfest.

Eg skulle so gjerne hatt med meg 60mm makro i dag...

...og når eg såg at den ikkje låg i fotosekken, men kom på at den låg i ein annan sekk, såg er rett og slett rødt!!!! Det blei manuell 50mm 1,8 og eit raudt filter til eg kom ned på jorda igjen.

Og eg må tilstå.... eg har aldri før vert på Åsebøvatnet!!! Litt flaut, men betre seint enn aldri. Det eg såg ga iallefall meirsmak og håpa eg komme meg fleire gongar ut her ut over hausten.

Dimma har eg vore på mange gongar før. Her er Nedre Dimmastøylen.

søndag 5. september 2010

Helgas turar i Olden

Skarstein tunet kor Elaine voks opp. Her var det livleg i helga, med mange ungar og ellers slekt frå Tønsberg og Ålesund. 15 stykke med smått og stort.

Per kikkar heim på ein fantastisk tur til Skarsteinfjellet på 1506 moh trur eg det var. Men vi gjekk ei rute som ikkje er merka og bomma nok litt so vi rakk ikkje toppen. Endte ca hundre høgdemeter lenger nede frå toppen. Men alle var vi einige i at dette var godt nok for oss so vi stressa ikkje med og klatre meir for dei siste meterane...

... det var no vist høgt nok for meg iallefall!!!! Eg er pingle på dette feltet!!

Men med litt sjokolade og sjølvpsyking so fekk vi tatt litt morro bilder.



Sigmund med ein pust i bakken på veg opp.

Her er vi på veg opp frå Fossen som er der selet til svigers står. Vi var 11 stk der natt til laurdag, og 6 av oss låg ute under open himmel.

Litt av ein stjernehimmel det var i helga. Sånn såg den ut når eg låg ute natt til i dag etter ein tur på fest......

Kveldssola på Skåla

Natta har senka seg og om du klikkar på bildet og ser godt etter ser du lys frå Skålatårnet

Takk for ein flott tur ;o)

onsdag 1. september 2010

Eg har levert bildet til Barnehagekonferansen i Molde i år og

Eg har vert so heldig og levere bilder til denne konferansen dei to siste åra. Bildet her er mitt men det er ikkje eg som har designa det.

Og her er litt meir info for dei som er spess interesserte
http://prod20.www.utdanningsforbundet.no/Fylkeslag/More-og-Romsdal/Barnehage/Barnehagekonferansen/

tirsdag 31. august 2010

Inngjerding av Briksdalsbreen

Det kalva i breen mens eg var der i dag og men det var langt oppe og ikkje noko som om heilt ned.

Breen ser tilsynelatande ufarleg ut på avstand, men isen som flyt rundt i vatnet kan vitne om at det kommer ned ein del is. Det var ein sånn isbit eg brukte på bilda i forge innlegg der kameraet er halvt under vatn.

Her er gjengen på synfaring for å få opp eit betre gjerde for og holde turistane borte frå brefoten. Etter at ein tysk turist fekk ei isblokk over seg nyleg.

mandag 30. august 2010

Fisketuren som blei til fototur med spennade resultat

Det starta med at eg skulle fiske i Oldenelva på grunneigar kort, og det gjorde eg!!! Men fristelsen vart for stor. Eg kunne ikkje la det flotte måneskinnet gå frå meg so eg kjørte litt rundt i Oldedalen og fekk tatt litt bilder før eg på morningen hadde meg ein tur med stanga. Lite fisk vart det på meg, men det er vell der ein legger insatsen ein får resultat og bilda ut over dagen synst eg vart ganske spennande.


Eit geitekje som ser mot fjelltoppane på innsida av gjærde.

Ein deligasjon med folk som såg på sperringa og ein fotograf vart mine målestokkar for i dag.

Ein liten vri på det kjente motivet ;o)

Briksdalsbreen med eit litt anna vinkel enn vanlig. Det er ein isklump vi ser under vatn ikkje breen ;o)

lørdag 28. august 2010

Førskulelærarstudentane i mi klasse i Volda var på tur i fjæra!!!

Ein Forglemmegei

Her har eg vist meir og gå på når det gjelder pugging av artar....
Har nokon navnet so legg gjerne ved ein kommentar!!!

Haremat....kanskje ;o)

Gåsemure!!!


Strandsmelle

Sagtang

Havbørstemark

Den prøvde seg på læraren og gitt!!! Sinnsjuke kjeva på denne typen børstemark.

Purpur anemone som har fått seg ei tanglus.

søndag 15. august 2010

Fitjevårstøylen- Svartekari og ned inne i Jardalen

Fitjestøylen innerst i Langedalen

Svartekari med utsikt over Langedalen, Gloppefjorden og ein kan sjå langt inn mot Hyen.

Spektakulær utsikt.

Jardalen panorama

Mygg i morgondogg

Jardalen

Og Jardøla