lørdag 12. desember 2009

I natt fekk eg endeleg kome meg ut på ein liten overnattingstur.

Etter at eg har vert plaga med tannværk og drit i ca ein mnd og ikkje vert i form eller hatt tid til å komme meg på tur var det jammen godt og kjenne minusgradene bite i kjakane igjen. Eg hadde no tenkt meg eit stykke frå sivilisasjonen, men etter som eg kom litt treigt avgårde fant eg ut at Åstjønna er ein idyllisk og flott plass. Her kom eg til å få sola sovidt om morgenen om det holdt seg klart. Samtidig er det ein idyllisk plass som er skapt for naturfoto.


Isen virka tjukk og god så eg kunne finne mange flotte motiver på morrakvisten, men man bør sjå seg godt føre for eg fant plassar det kunne vere tynn is!!!

Om kvelden var det stjerneklart og ein god del stjerneskudd, men dei fekk eg ikkje til og vise på bildet for dei var nok for svake.


Makro og is er utrulig spennande. Håpte eg skulle finne noko anna innfrøse enn berre blad og plantar, men kan vere flotte dei og.





Mat er viktig på tur, her har eg steikt meg eit par sjeve med pølser og ost på, men først hadde eg bada dei i kvitløksmør og meierismør!!! ( Godt eg var aleine hehehe)


Dyrt og godt utstyr er alltid kjekt å ha. Desse er noko av det eg har brukt mest og lengst. Dei er fantastiske, og det er no ca 17 år sida mi bestemor på Solheim strikka dei til meg saman med knehøge sokkar og ei hue. Alt er i bruk den dag i dag, men sokkane har ho mor restaurert nokon gongar;o)

Stemningsfullt og godt for helsa. Og i dag tidlig hørte eg orrhanen korre bort i lia... berre ulvehylet som mangla då!!

Til kveldsmat so hadde eg tatt med to tortilla lefser og fylte den med kyllingpølser, ost,tacosaus, mais og litt rømme...det var godt det!!! so ei øl til dessert. måtte springe og pisse i eit kjør etter på, men go var den.


Det er ei stund sida sist eg har overnatta her ved vatnet om vinteren, eg fant til og med veden som eg brukte under ei overnatting når eg gjekk på folkehøgskulen. Det er gammal ved det, for det er over 15 årsida. Nok ei fantastisk overnatting med gammalt og nytt utstyr. Ullvottane er gamle med soveposen og gassbrennaren er ny og det var eit veldig kjekt tilskudd på utstyrslista. Eg sov i heile natt og har ikkje frøse i heile tatt, med var nok ikkje so himla kaldt berre ca-5 grader trur eg. Var iallefall ikkje meldt kaldare.
Takk for turen

torsdag 10. desember 2009

Pepparkakebyen på Sandane vart opna på onsdag

Mange flotte bidrag i konkurransen om ålage det flottaste pepparkakehuset. Det var barnehagene i Gloppen så har laga so mange fine hus og byggingar.
Eg havna midt oppi det når eg klarte og bli forsein og levere Michael i barnehagen, så eg måtte inn på Sandane med han så han fekk med seg opninga. Eg leverte han på Senter kafen og gjekk ned for eg ta nokon bilder av husa og mens eg holdt på med det kom dei jammen med raud snor og greier.












tirsdag 8. desember 2009