lørdag 6. mars 2010

Endelig litt gråvær igjen

Stake på Nordfjordeid mens eg venta på at fruen skulle bli ferdig operert på Onsdag.


Ytre delen av Gloppen med Hestenesøyra, Skjærdalen, Hyeneset og Skeistranda. Dei 3 sist nevnte er veglause.

Eg var på ein fantastisk flott tur til Førde saman med Anders, Edvin og Jostein i går for å få med oss det store som skulle skje i Førde. Det var to naturfotografer av internasjonal størrelse som kom på besøk. Dei holdt kvar sine fanastiske foredrag om sine 30 år som naturfotografer. Det var spennande å høyre korleis dei starta og kor ting har tatt vendigar og ikkje minst sjå dei flotte bilda dei har klart å få til opp igjennom åra.
So ein stor takk for ein fortreffelig kveld til Terje Hellesø og Anders Geidemark og ikkje minst Geir Ole Laberg som har fått til dette foredraget.

Kjekt og helse på dokke og inspirerande å snakke med.

onsdag 3. mars 2010

I går blogga eg om sommaren.. i dag om vinterens bak side!!


Eg skreiv i går om at det blir deilig å ligge i sommarenga å kikke på småkrypa, men det er vist vinter enda og i dag skulle eg sitte heime å få unda ein del skulearbeid, fruen vart jaga på dør med ungane og dagens ærend som skulle gjerast. Lova bra detta, men etter ein knapp time etter dei var reist kom telefonen... ho hadde døtte på isen og foten var ikkje til å gå på. Legevakt og sjukehusbesøk vart dagens gjæremål altso. Etter vi kom til sjukehuset vart det konstaert brudd i ytre leggbeinet og eit brudd nederst på det andre leggbeinet. Ho vart trilla inn på oprasjon kl 17 og når eg kom igjen litt over kl19 var ho forsatt under kniven. meir veit eg ikkje enda, for då måtte eg komme meg heim til mine små rabbagastar så dei kommer seg på skule og bhg i morra.

Eg skreiv og i går at eg lure på kva våren bringer, men det var ikkje nødvendig å få eit sånt hint til at det blir litt utan om det vanlige. Men våren kommer og blir deilig som den alltid er uannsett;o)

tirsdag 2. mars 2010

Hmmm... det nærmar seg andre tider...

Det er no litt deilig å høyre og sjå fuglane kor dei begynner å kurtisere kvarande og hævde revir allereide. Det er no enda nokon mnd til eg kan legge meg i enga igjen å sjå på småkrypa.... men det blir deilig..., tenk ferdig med eksamen og berre sommar, sommar og sommar;o)
Men det er mykje som skal skje får vi kommer so langt, hode er fult av prosjekt som skal, skulle vert gjennomført og heilt sikkert mange naturopplevelsar til i den kalde årstida. Skal tru kva våren bringer......

søndag 28. februar 2010

Fullmånenatt på Åstjønna med gutta.


Eg, Patrick og Michael på 8 og 5 år reiste på overnattingstur til Åstjønna i går kveld. Eg hadde på førhand slengt ut ein spørsmål på FB om det var nokon som ville vere med på lavvotur denne natta, men det var heilt stilt!! Kanskje like greit for eg fant søren ikkje igjen stanga til lavooen, so det blei telt. Trur nok det hadde blitt litt kaldare i lavooen enn i eit telt når vi er so få som 3, so detta vart bra likevell. Eg var litt spent på korleis ungane kom til og klare 10-15 minus grader men har ikkje hørt noko om frysing etter dei kom i soveposane. litt før dei fekk lagt seg og litt i dagtidlig på beina er det einaste sytinga. Dei synst dette var storstas og ville gjerne vere med på fleire vinterturar. Eg har kjøpt ein sovepose til kvar, men dei er berre beregna ned til ca 0 grader so eg tok med to posar eg har brukt før so dei låg i dobleposar. Eg har ein ny Ajungelak Tyin 5 seasen so meg er det ikkje synd i lenger;o)
Neste gong håpar eg det er fleire som vil vere med på noko sånt.

Takk for turen gutar.