lørdag 3. september 2011

5 dagar på kurs på Yksenøya med Utefag gjengen frå Høgskulen i Volda

Etter at vi hadde fyllt dekk på "Nordlys" gjekk turen for den ferske Utefagklassa til kyst kultur og friluftsliv kurs på Yksnøya ytterst i Voldafjorden. Denne klassa er satt saman av elevar frå 3 klasse førkulelærar heiltid og 4. klasse deltid ved Høgskulen i Volda. Dette er folk frå to godt samansveisa klasser, men det varte ikkje lenge før vi merka at dette komme til å bli eit år og ei klasse som vi seint vil glømme. Vi skal på tur mange gongar i vekene som kjem fram mot våren.

Her er naustet til Høgskulen, og som vi brukte meste parten av tida vår med roing, fisking og mykje anna spennande og morro.

..men først var det å få alle til land...

Etter ei hektisk å hard veke var det ein tur til fyret å høyre på skumle historier siste kvelden.

Nils Ola fortalte om alt det skumle og uforklarlige som skjedde på øya...

...eg tør ikkje skrive kva som skjedde her...

Regjerande seglemester!!!!! God båt måtte det nesten bli etter 2 år i Hyen som båtbyggjar.... sjølv om det er karbonbåtar då ;o)

Båtlivet er fantastisk. Stemning i kvart eit åretak.

Floraen er flott. Klokkelyng ein tidlig morgon på veg til utedoen...

Hjulspinnar med morgonens fangst.



Kristine kosar seg ved bålet og ventar på at krabben skal bli klar.

Mykje gode folk og flotte motiv for ein hekta fotodud!!!

Metervis av krabbe...

Krabbegryta.




Krabben fanga vi på fleire forskjellige måtar. Her er det raking, ellers prøvde vi med agnsnøre og teiner.

Krabbe raking ein sein kveld. Mykje stemingslys i hodelykter med forskjellige farger



Tusen takk alle saman for ein fantastisk start på året vårt!!!! Gleda meg som ein unge til resten!!!