tirsdag 27. desember 2011

Dagmar i Gloppen dag 2

Ras mellom Kandalen og Kjørvikja som gjekk i går isolerte alle i Kandalen + to arbeidarar frå kommunen som holdt på å rydde etter uværet. Dei tok seg over raset og blei henta på andre sida så dei kunne forsette opprydningsarbeidet andre plassar. Men ein bil og ein gravlastar blei igjen på Kandalsida.

Her står maskina og Kandøler som vil på jobb.

Det viser godt kva masser som har komt ned.

Fleire plassar har det gått vassdemme, som her i Ryssdalen.

Raset i Kandalsstranda på nært hold.


Ras i Kjørvikja, knapt ein km frå forge ras.

Saga på Sande har saga sin siste planke.



På Rauset har det gått ut over stabbura.


Forhaustaren har lagt seg øve.

Sjølv husa søkjer saman i slikt vær.


Kort reist ved...på Grov
Flat skog på øvre Rygg.

Øvre Mardal har det og bikka nokon tre.

Det har virkeleg gått hardt for seg på Hestenesøyra. Dette blir hardt å begynne på!!!!



Det er ikkje rart det er mykje jobb for linje mannskapa å rydde.

Lakseannlegg på drift i Hyefjorden.


Ein annan vinkel på Hestenesøyra.

Brødrene Aa har hatt ein stri tørn med å holde båtane ved kai. Når ein ser skogen over så skjønna ein at det har røska og reve i pollertane.


På Aa i Hyen såg det ut som ei slagmark.


Eg skulle gjerne vert lenger i Hyen men det var begynt å bli mørkt so eg ville komme meg heim så eg ikkje vart ståande på feil side av eit evt ras.

På Hestenesøyra var det ikkje lenge før vegbana var vekk.

Eit naust ved Devik har knela.


Det er ikkje småtteri kva Dagmar har fått til i mitt nærområde. Meir kjem sikkert etter kvar. I morgon tenkte eg meg på fjellet å kjøre løype på Kleivnae skisenter. Eg er veldig spent på kor masse tre som ligge over traseane der.

Takk for titten.

mandag 26. desember 2011

Dagmars julebesøk på Sandane

Frysebilen til Gloppen Hotell slapp så vidt unna.

Svingane på Vereide var ikkje framkomeleg før midt på dag.

Drivsbyggning på Solheim i Fjellbygda har fått store skader.

Julegrana på Hauge som har satt oss i julestemning så lenge eg kan huske har no tatt kvelden. Dette var siste del av julegrana. Første delen forsvant i Nyttårs orkanen. Det vart då planta ein lita gran for ta over arven, men den har tatt kvelden og.



Det har vert høg vannstand på Sandane og.

Strandområdet er heilt ramponert.






Campingplassen i Bukta har fått store skadar. Ikkje mykje som ikkje er skada her.



 Ut her låg bryggja.









 Gravplassen i Bukta har ein del rotvælter.





 Ikkje rart det er straumlaust...

 Skogen har fått store skadar mange plassar

Mange måtte på hustaket i dag.

 I småbåthavna er det kaos og. På land var ein båt kvelva og fleire mista presseningane sine.

 Naust på Hauge har fått store grana over seg.



 Mannskap frå Gloppen kommune jobba for å opne vegane.



 Vereide kyrkje manglar litt takstein.



 I Ryssfjøra var store mengder med masse skylt vekk.

 Flyhangaren i Bukta har fått av reve delar av takje.