lørdag 18. april 2009

Eg har venta lenge på vårblomstrane




Idag gjekk eg og gutane ein tur langs Veslevatnet, og etter kvart kom vi opp i elva som renner inn i vatnet. Der var det kvitveis i elvekanten. Der blei det ein lang stopp, to småkarar som bomba elva med det dei fant, ein far med ræva i sky og ein stakkar i vogna som lurte litt på ka so gjekk av desse so alt for nære slektningane sine. Det var herlig vær i dag og, vi endte inne i moseskogen som eg kalla den. Det er eit plantefelt med gran som er overgodd med mose på trea og på bakken. der åt vi litt niste og tok masse bilder. Og bomba elva selvfølgelig!!


torsdag 16. april 2009

Sjølv om det er blitt kveld kan ein ta bilder.







Det er mange følelsar ein kan kjenne på, men det er ikkje alltid so godt å sette ord på dei. Somme tider kan ein føle seg innestengt, andre tider kan ein føle seg forvirra, å ikkje vete heilt ka veg ein ska ta. Eller kanskje følar ein at ein stikke seg samma kor ein landar.