fredag 13. august 2010

Draumen om Eggenipa



Eg har lenge ønskt og komme meg opp på denne fantastiske toppen.


På morningen i går fekk eg ein telefon frå min eldste søster som lurte på om vi skal skulle ta ein fjelltur. Ja det var eg so klart med på og vi fant etter kvart ut at det er på tide å komme seg opp på Eggenipa som er eit bratt og spektakulært fjell som dei bur ved foten av. Ho har vert der eit par gongar før so vi bestemte oss for å gå der med dei eldste ongane. Benedicte på 9 år har vert der før og då var ho bare 5 år!!! Men dei to minstre i denne dagen er 6 år. Eg trur ikkje eg skal anbefale nokon og ta med fleire ungar enn ein er voksne, for det er ein del klatring i kjetting og ikkje rom for springing på eiga hand. Men med knallhard disiplin gjekk dette flott. Det er so bratt og uoversiktlig at dei barna som klatrar først må sette seg ned når dei er komt opp forbi eit hinder. Vi følte ikkje for at dei skulle gå vidare aleine i allefall;o)

Vi begynte frå Eggestøylen og gjekk opp ei litt bratt rås (sti) for og både komme fort opp og for å få slete ut ungane litt før vi begynte på utfordringane. Det gjekk fint uten skriking, berre litt sutring.

Vi gjekk ned igjen Heia og heilt ned til Egge kor May Britt bur. Det trur eg ungane hadde godt av for då kunne dei springe av seg litt etter å måtte konsentrere seg so lenge.