lørdag 16. januar 2010

Dagens tur vart ein liten tur i Oldedalen


Det er mykje spennande vi berre susar forbi langs vegane. I dag skulle vi i bursdag i Olden og det fant eg ut eg måtte prøve å utnytte. Eg var ikkje sikker på kva eg ville prøve å finne i dag , men hadde lyst på istappar. Enten under ein fjellhylle eller i ein foss. Det er ikkje lett å finne sånne plassar som er lett til gjengelig så det ente med istappar i ei fjellskjæring.




Den store Jostedalsbreen som legger sine brearmar ned mot oss vestlendingar låg i dag i ein skikkelig snøstorm såg det ut som.Tempraturen har stege til rundt null og vinden kommer over breen og ned i dalen.


Det har no sin sjarm med vinter og her inne i Oldedalen, som er so full av turistar om sommaren. Synd eg ikkje tok meg tid til å gå opp til Briksdalsbreen når eg like vell var her inne.




Istappar fant eg i fjellskjæringa.



fredag 15. januar 2010

Dagens tur rundt fjorden

På Rauset er det fantasitsk utsikt

Sola kom so fint ned i Bukta i dag. Godt og sjå det lysnar igjen.

Iskrystallane er begynt å bli store no.

Istappar i forskjellige formasjonar er spennande og leite etter.







mandag 11. januar 2010

Ein kald dag og fin med litt bismak.

Eg gir meg ikkje heilt på desse lillabilda mine.

Evebøfossen er ein fantrastisk plass og fotografere no for tida. Men eg hadde litt irriterande mykje problem med det beste kameraet mitt i dag og. Speilet henger seg opp so eg ikkje får sjå gjennom søkaren. So då blei det til å hente fram gamle D200en so eg iallefall fekk foreviga ein del av dei flotte vintermotiva som er her no. D300 en reiser ein tur til Bergen i morra for å få seg litt stell, so håpa eg Nikon tar det på garantien sida det er berre litt over eit år gammalt kamera.

Ryssdalshornet må vere med so vi veit kor vi er;o)


Nesten litt summelt vart det i fossen.