torsdag 22. april 2010

Orreleik....nesten i allefall!!!

Fantastiske fjell vi har her på vestlandet!!

Denne turen vert det lite fotografering då eg prøvde meg på filming med eit Canon 5D mkll. Filmen lar nok vente på seg, eg veit ikkje om det er noko og publisere heller hehe. Eg er heilt fersk på video delen og hadde i annledninga berre lånt eit kamera for å prøve ut om eg skal ta steget til ein D300s eller evt D700s om den skulle dukke opp etter kvart. Eg synst det virkar veldig spennande og jobbe med film og, men det er jammen krevjande fekk eg erfare. Det blei derfor ikkje so mange bilda eg fekk tatt. Hardt gjekk det på minne korta mine og, det var ikkje mange filmsnuttane eg brukte på fylle korta på både 2- 4 og 8 GB


Turen blei ikkje heilt som eg hadde drømt om. Eg hadde nok tatt ryggen og magen forfull når eg trudde eg kunne få med meg alt eg hadde tenkt. Det er ikkje ofte eg har måtte be gutta om pause og dei står og flira og etter kvart faktisk surta for eg er for treig!! Men ok, eg har lært....trur eg;o). Neste gong skal eg ikkje ha to sekka med meg. Eg bar tungt, men gutane skal jammen ha skryt for at dei bar tungt dei og. Dei fekk seg nye sekkar begge to i annledning årets andre overnatting så no kan sommaren berre komme.
Vi var på G-sport rett før turen og henta dei to sekkane vi hadde sett oss ut på før hand. Dei klarte å bære sin eigen sovepose, liggeunderlag og kleskifte ++. synst det er godt gjort for ein 5 og 8 åring. 5 åringen ramla og datt heile tida so eg måtte gå bak å støtte han litt. Til tross for det var det ikkje anna syting enn pappsen var for treig! Sekkane virka nok litt store til minsten men var perfekt til eldstemann. Det er ein Bergans Nordkapp på 18L dei har fått. Der går det lett ned i ein Norheim Midgard sovepose og litt klær og div til turen. Minuset kan vere at liggeunderlaget kommer langt bak på sekken om ein brukar reimane frå topplokket. då blir sekken baktung og uballansert for minstemann.
Det er reimfeste opp på topplokket som kan vere ei betre løysning, men då må ein ha ekstra reimar. Det er eit godt hofte belt og stramming i sida på denne sekken noko som eg synst er viktig.

Det blei ikkje orreleik på oss denne gongen då vi måtte slå leir mykje tidligare enn eg hadde tenkt, men vi hørte dei når vi vakna. Det var spennande sjølv om dei ikkje trakka rett utanfor teltet. Ugla hørte vi når vi skulle legge oss so villmarksfølelsen fekk vi jammen alikavell.


Michael pakkar posen sin og er snart klar til heimreisa.
Nedatte turen var mykje lettare, men måtte ha litt hjelp når en dette som gapnast.
Heime satt ein lettare missunlig to åring som er heilt klar på at når han begynner på "Springar"( storavd i bhg) skal han og vere med på tur!!! Her har vi han i litt soveposekos når eg lufta og tørka utstyret på plenen. Eg synst det er viktig at ongane får styre og kose med tinga så dei lære seg kva det er for noko og ikkje er redde soveposen den dagen vi er milevis heima frå. Ofte får dei ligge i soveposane sine i senga heime i nettene før vi skal på tur ( vist eg har planlagt turen fleire dagar i forvegen då;o) )
Takk for turen Michael og Partick