fredag 23. juli 2010

Kjekk besøk av Seljeværinga i dag!!!!

Vi leika oss i vell ein time i jølet i dag og fekk ein del flotte bilder.

Familieidyll!!!

Mor og datter.

torsdag 22. juli 2010

Ein grisevåt dag på fisketur i fars barndomselv

Her er mine to eldste klar for å fiske i elva som eg fiska i når eg var liten.

Eg har vert her fleire gongar etter eg vart voksen, men synst det var mykje annleis før enn no, Eg trur området vart brukt til beite då og, men no er det tre som henger over elva over alt. Når eg tenkjer meg om so var det nok det før og... bl.a ei diger bjørk midt ned i den største hølen. det var nesten umulig og fiske der. Vi hekta fast heile tida. Men med sag og badebukse fiksa vi det.

Trur kanskje fiskane er mindre no og... og so måtte eg vere soooo forsiktig når eg kom ned til elva!!! Ellers fekk vi ingenting!! Eg prøvde og holde litt på den mystikken no og,men gutta var komt meg i forkjøpet med høgprat og slengte steinane rundt forbi mens dei leita etter makk... Jaja dei får nok sine minner frå elva dei og, og dei er sikkert like levande for dei som mine er for meg. Eg kan nok ikkje få mine minner inn i hode på dei, dei må lage sine eigne minner.





Korleis fisken huska dette er nok ikkje enkelt og seie, men neppe nokon av dei eg fiska på som lever no. Elva var nemlig fisketom når eg var komt i tenåra. Eg og fiskekompisen min bestemte oss for å sette ut fisk her igjen!! Vårt lille paradis skulle igjen oppstå!!!! Vi tok syklane våre og sykla inn i ei anna elv på samme størrelse og fiska 21 små og store fiskar som vi satte ut igjen her i 3 hølar. Det tok ein heil dag. Den dagen lovde vi kvarandre at vi ikkje skulle fiske her igjen før vi fekk ungar sjølve! Og det klarte vi. Det er nokre år sida eg var her første gongen med min eldste,men då var dei bite villige då.


Skal tru kva han tenkjer der borte med bambusstanga...


Dagens fangst fysisk og psykisk.

TAKK FOR TUREN GUTTANE MINE

onsdag 21. juli 2010

Ny nettside og ny Signatur!!!





(klikk på logoen over so kjem du til ronnysolheim.com)
No er den nye sida mi klar!!!
Litt på fyll av bilder kommer etter kvart.

Samtidig som eg har laga meg ein ny signatur etter den gamle forsvant når eg pussa opp pcen ;-s

Panorama over Hestenesøyra og utover Nordfjorden



Her er eit bilde som er tatt i juni, men som eg ikkje har fått laga til før no pga oppdatering av pcen