tirsdag 30. mars 2010

Bare ei ørn

Ei havørn kom glidane igjennom dalen i eit deilig grisevær med vind og våtsnø. eg synst det er lettare å skape stemning i dette været enn i strålande sol. (sjølv om alt vart vått å filteret såg ut som det var spylt...)

mandag 29. mars 2010

Kva skog vil vi ha her på vestlandet?


Eg kunne lese i lokalavisa for ei lita stund sida at no var det satt i gong utrydding av gran i eit naturreservat. Flott synst eg, for det er jo ein tresort som naturlig ikkje høyre heime her på vestlandet. Kansje burde det blitt gjort meir for å redusere desse skogane som ofte er temmelig artsfattige, iallefall i plante felta.

Det er store verdiar som bør hentast ut når det alikavell vart planta ut so mykje som det er blitt. Men skal man då stanse hogst pga dei artane som har valgt å bruke desse områda. Eg får ikkje dette til å henge heilt saman.

Det blir gode biotopar for mange artar etter kvart som fleire og fleire tre dør og rotnar opp og blilr fine lysningar inni mellom. Men skal vi ta vare på det vi har tukla med før eller skal vi heller prøve å rette oppigjen etter det vi har gjort. Eg er ingen ekspert på verken skogsdrift eller artsmangfald, men trur dette strir litt mot vanlig folks oppfatning av naturvern.

Det er godt mulig eg har bomma på noko her, men dette er no mi oppfatning. Har nokon noko på hjartet so tar eg gjerne i mot kommentarar.


Etterkvart som skogen dør blir det meir liv i plantefelta, men det var no ikkje for å rotne det vart planta.

Dillemma dette, for det ser ikkje så bra ut dette heller over store områder.