fredag 1. januar 2010

So nær so nær...

Eg er faktisk veldig godt fornøgd med dette bildet, det vise veldig godt korleis dei siste dagane har vert. og kanskje bedre enn om eg hadde fått ørna helit inn som eg hadde håpa på.
Less is moore... eg får støtte meg på den komposisjons frasa hehe;o)

Nytt Havørn forsøk i elveosen, men nei!!

Enkeltbekkasinen skal ikkje vere her på desse tider, den skulle normalt overvintre på dei Britiske øyer og i Portugal og i Spania. Men nokre få velger det kalde liv her heime og holder seg ofte på sånne plasser som her i osen på Storeelva. Flo og fjøre holder borte snø og is så det er greit å finne mat når floa er på veg ned. Morro er det å få sjå ein sånn vadar som minner om sommar. Eg såg og to vadarar som eg er ganske sikker på at var Rødstilk, fekk ikkje bilder av dei men veldig "høge vinger" og litt lange bein og slank kropp kan tyde på det.

Eg har no sete i to heile dagar i kamoteltet mitt og det har vert mykje interessant å sjå mens eg sitte sånn. Skulle gjerne hatt eit kamera med video og, men det blir kanskje fort litt rot å skulle jobbe med begge deler.

Når det er lite å følge med på benytta eg sjangsen til å lese litt til eksamen som er på tirsdag, skulle nok hatt mange fleire daga i skjulet for at eg skal komme igjennom heile pensum, men får satse på det går likevell;o)


In coming!!

På åteplassen var det bare nokre Gråmåser som tørte seg fram på. Kråkene holdt seg forsiktig i bakgrunnen og nappa til seg nokre godbitar i ny og ne.



Ørnene dei holdt seg på trygg avstand, dei flaug over fleire gongar, men ingenting tyda på at dei var interesserte i fisken eg hadde lagt ut. Spennande er det i allefall når dei kommer på morgonen å setter seg på sin faste plass for å drikke litt ferskvatn før dei begynner å leite etter mat på stranda eller på elvebredda påover i elva. Det er ein del dau laks som er hoved grunnen til at Havørnene har funne seg so godt til rette her i Bukta. På det meste har eg sett to voksne og ein ungfugl her samtidig. Eg kan ikkje skilje fuglane i frå kvarandre når eg ikkje har opplevd dei på nært hold anna enn at eg ser forskjell på ad. og juv.
Ein vaksen og ein ungfugl i dag.


Landskapet og omgivelsane skal det ikkje stå på bare eg får Ørnene ned der eg vil.

torsdag 31. desember 2009

TIl alle mine venner




No her vi nok ein gong komt til endes med eit år, det som for ikkje lenge sida var so spennande og nytt, no er det bare minner. å ka skal det nye bring skal tru. Mykje gjekk bra i året som har gått, men mykje har og gått riktig galt, eg tenkjer på dei som ikkje kan begynne på eit nytt år som oss andre.
Lite veit vi om ka som kommer og like greit eg nok det, vi må berre komme oss ut Å leve det livet vi ønsker, mens vi kan og gjere det baste vi kan av det vi har.
Eg gledar meg til å få eit heilt nytt år som er heilt ubrukt;o)


RIKTIG GODT NYTT ÅR ALLE SAMAN!!!!

søndag 27. desember 2009

Eg hadde ein kjempe kjekke tur med Helge Helland i Ommedalen og Gjengdalen i dag.



Eg har virkelig storkosa meg i dag, eg har vert på fototur med Helge i frå kl 09 i dag til over kl16. Det er ikkje ofte eg finne like sinna å fotografere med i naturen som i dag. Eg var heldig å fekk bruke hans Nikon 80-200 f2,8. eg har nettopp bestilt meg eit tilsvarande objektiv, men det vart Sigma denne gongen også sjølv om at eg har lovd meg sjøl og berre kjøpe Nikon her etter. Men det blir for dyrt;o(
Og jobbe med brennvidder mellom 70mm og 200mm er noko eg har sakna lenge, men om nokon dagar eller litt over nyttår blir det nok meir sånne bilder som eg han pressantere i dag her.


Vi tente eit bål for og prøve og få ein gyllen tone inn i istappane. Det funka delvis bra. Eit bålbilde funka nesten alltid synst eg ;o)




Han brukte sin 300mm f2,8 som virkelig gir skarpe bilder. Det var eit varierande vær i dag med tjukke snøbyger til lenger periodar med opplett. men berre nokre små gløtt av blå himmel. Men med gode klær og godt utstyr går det fint og fotografere i dette været og.


Bål på isen.

Litt av gløden frå bålet.



Isstavar. Holme og Hyefjorden på veg heim

Takk so mykje for turen Helge;o)