lørdag 14. mars 2009

Ka med og starte skituren litt tidligare enn vanlig og få med seg når natt blir til dag.







Dette er synet som møter meg når eg kjøyre opp turløypene på Kleivane skisenter. Det er so fredfylt og deilig, i natt stoppa eg maskina 3 gongar for og gå ut og nyte stillheten, lyset og den bitande kulda. Sove kan eg gjere ein annen gong. I natt har månen fulgt meg heile natta, den har nærmast trilla på Sørstrandsfjella og gjekk ned når himmelen rødma i aust.






God tur til alle saman

Då var det heim og legge seg ;o)


onsdag 11. mars 2009

Her er løypemaskina og dens rike i bakgrunnen, det vert kjøyrd løyper frå Haugsvarden, som er den lille toppen i himmelsjå og inn her nesten kvar dag, alt etter veir og føre forhold. Så her er det berre og ta skia fatt og kome seg ut i naturen. Sjølv må eg innrømme at her møte du nok ikkje meg uten maskina, for eg likar meg best der ingen andre finne på og gå.

Støylane innover turløpa på Kleivane

Eg må dessverre kaste inn håndklædet på ken so eig dei forskjellige sela og hyttene.

Gloppestadsstøylen. Påbygg.


Austreimsstøylen


Austreimsstøylen





Gloppestadsstøylen og svinestranda i bakgrunnen.





Her er eit av dei første sela vi ser når vi kjem på Gloppestadsstøylen. Her ser vi Søreidsnakken i bakgrunnen.




Eg har fleire bilde frå denne runda med løypemaskina, dei kjeme etter kvart håpa eg.






mandag 9. mars 2009

Rundens bilde i Biofoto Sunnmøre sin fotokonkurranse

Kjekt og gå til topps i ein sånn konkurranse, temaet var fuglar og dyr. Gledar meg til forsettelsen. Eg ligger no på andre plass samanlagt eit lite hav bak første mann og knapt forran ein heil del gode fotografar.
Neste runde er det "Mennesker i naturen" som er tema. Det blir kjekt, håpa eg kan komme meg på det møtet. Takk til alle som stemte på bildet mitt!!

søndag 8. mars 2009

Snart fullmåne igjenn


Eg reiste ein tur opp mot Veslevatnet for og få skogen i siluett forran månen, Hadde ikkje so mykje tid på meg so det vart som det vart. La inn ein inverttert varsjon og.