fredag 22. januar 2010

Dagens bilder frå Gloppen og Hyen

Hyefjorden

Gloppefjorden



Høgdene i Hyen






Støtta Haiti-aksjonen med eit bilde i dag.

Birger Meland og Anne Lene med bildet som eg donerte.


I dag når eg var ute å fotograferte i Hyen området hørte eg på lokalsendinga som sendte frå Bakaren heime på Sandane. Kjempe kjekt å høyre på kor Børre Tysta og sambuaren Anne Lene Lillegraven har fått i gong ein innsamligsaksjon til dei jordskjælvramma i Haiti. Der dei har fått med seg NRK Sogn og Fjordane.

Når eg hørte dei hadde fått eit bilde av Torsheimen tenkte at det kunne no jammen eg og bidra med, sjølv om eg stille i ei heilt anna klasse ;o). Eg sendte Børre ein sms og vart etter kvart oppringt og vi avtalte at eg skulle skrive ut eit av dei ferskare bilda eg har. Eg hadde bestemt meg for bilde på forhand, men det var ikkje utskreve bare redigert for nettvisning. Eg kom meg inn på Sandane igjen og fekk skreve ut og ramma inn bildet. Eg rakk ikkje å vise bildet før auksjonen var ferdig anna enn ein nettversjon på nettsida til NRK Sfj.

Når eg endelig kunne levere bildet vart eg intervjua av Birger Meland, litt skummelt å havne midt opp i sånt, men trur det gjekk bra. Bildet vart solgt for 3000.- så eg er strålande fornøgd.



Les meir på Nrk sine sider

http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6956901





Traudalen i vinterdrakt tatt på onsdag.


http://www1.nrk.no/nett-tv/klipp/601350


frå ca 46 min og utover er intervjuet.


onsdag 20. januar 2010

Traudalen ein vinterdag