fredag 24. desember 2010

God Jul til alle som har følgt bloggen min dette året og.



Eg har nok satt ny rekord i besøkande på bloggen dette året også, utan at eg har noko eksakte tal på det. Eg er berre so glad det er so mange som gidd å klikke seg inn om å sjå kva eg styrar med. Eg har dessverre ikkje hatt tid og mulighet til og oppdatert bloggen so mykje som eg har lyst i desember, men ein del personlige ting og barn og skule so er det ikkje alltid fotograferinga får sleppe til.

Eg håpa eg får meg nokon fototurar i romjula, det kan vere godt for både kropp å sjæl. Denne tida med so deilig vintervær er noko eg virkelig setter pris på. Håpa eg får meg ei overnatting å kanskje. Det er begynt å bli lenge sida sist eg har kjent lukta av leirbålet.

Håpa alle får ei fin jul.