søndag 14. august 2011

NM Friidrett på Byrkjelo

Det var mange store øyeblikk på Byrkjelo denne helga. Her er bilder frå fredag og laurdag.
Eg kan dessverre ikkje alle navna og resultata så ingen nevnt ingen glemt ;o)
Håpa det er litt kikke på for ein kva her .





































onsdag 10. august 2011

Ein tur til Stadt og spesielt Ervikja og Hoddevikja er virkeleg å anbefale

Om du og er ta den nyskjærrige typen er det mykje rart å ta bilder av uannsett kor du er, men ut med kysten gir iallefall meg litt ekstra piff til å finne nye motiv.

Ballansegang er geitene mellom Indre Fure og Dragseide flinke til. Her er å ei litt annleis kyststripe med kvasse og revne fjellnabbar og knausar som stikk ut i havet.

Vidvinkel å blits er ein vinnar på dyr synst eg.

ND8 filter er kjekt å bruke her ute i solnedgangen. Å få eit sekund eller to i solnedgangen gir eit litt mjukare uttrykk i bildet.


Om ein holder ut litt ekstra på kvelden, kan ein vere heldig å sjå desse stolte dyr på veg ned på beite. Eg var heldig som ikkje hadde rydda på plass kameraet, men hadde det skuddklart i mellom seta. Dermed rakk eg å ta bilder av desse flotte bukkane som sprang over vegen på veg til beite.

Kongen av Ervikja

Det passar vel å kalle denne surfaren dronninga av Hoddevikja då.

Med eit lavt kamera standpunkt blir bilda av surfarane litt betre synst eg. Det blir mindre sjø og meir bølger, surfaren komme lettare opp på vatnet og...

Så ta ein tur til kysten, det er ein opplevelse.

søndag 31. juli 2011

Eg trudde eg var kjent i min eigen kommune... men NEI!!

Eg og resten av familien var på Ryssdalstøylen saman med nokre venner i går til i dag. Når kvelden kom signade på fekk eg ein annledning til å gå meg ein tur i ein dal eg aldri før har vore i. Eg tenkte at det er no berre ein liten dal som eg alltid har berre kikka bort mot i heile mitt liv. Er no ikkje noko spennande der vell. Så grunndig feil kan ein ta. Det endte med ein forholdsvis dårlig bilde messig tur. Eg vart så betatt av stillheten og landskapet at eg glømte å ta bilde i den beste tida av døgnet. I staden fekk eg roa heilt ned å kjenne dalen og naturen på pulsen. Eg ausa ein gammal pram og tok med fiskestanga, ei øl og seff kameraet. Eg fekk 3 små fiska, dei er av ypperste kvalitet. Eg tok nokre bilder innimellom. men det vart mørkt før eg fekk begynne å leite litt etter motiva.

Dette bilde er av det fremste vatnet. Det virka for å vere grunt og myrete.


Ein lom flaug over meg på veg heim til sine håpefulle i eit anna vatn. Det er noko spess med denne fuglen som ikkje fiskar i det vatnet den hekkar. Den er liksom symbolet på ekte villmark.

Er det nokon som kan sjå om det er smålom eller storlom på siluetten.

Dette er idyll!!!!!

Gammal å god.
Dette er ved det inste vatnet, dette er mykje større og djupare enn det yste vatnet.
Her er fisken raud i kjøte .

Storekvila heite det her. ved den ysteenden av instevatnet. Ein fantasitisk idyllisk plass som var eit samlingspunkt mellom Ryssdøle og Kanndøle før i tida. Her er det framleis stelt og fint sjølv om det ikke er så mykje brukt lenger.

Det var berre sauer å sjå denne kvelden, men trur nok det er både hjort og hare her ellers.

Eg vart overaska over kor ope det eigentleg er her inne mellom dei høge fjella.


Dette er det yste vatnet igjen på veg heim. Det er ikkje lett å gå på utkjente plassar når motiva stortsett er langt frå stiar som eg ikkje ein gong veit kor e.
Desse siste bilda er tatt med 1.30 min lukketid og 2.30 min lukketid og f8 blendar så det var begynt å bli ganske mørkt.


Skal jammne bli spennande å bli kjent med denne dalen og fram over.

mandag 25. juli 2011

Eit Russisk kor hadde ein kjempe flott konsert i Vereide Kyrkje i gårkveld

Jentene gjekk inn inngangen, mens gutta kom inn bak alteret.

Ein glad å spent gjeng.
Det kunne godt vore fleire som tok turen i kyrkja denne kvelden, for dette var virkelig ein opplevelse.







Det vart etter kvart ståande applaus i kyrkja etter at det Russiske koret hadde fyllt heile den store kyrkja med begravelsessang.

tirsdag 5. juli 2011

FotoVideo og Sigma var i Førde i dag.

Sigma 85mm f1.4
Eg fekk teste nokre av objektiva dei hadde til nikon , men dessverre hadde dei ikkje 120-300mm f2.8 OS til Sigma som eg var mest intressert i å prøve. Men eg fekk prøve Sigma 300mm f2.8 . Det er nok mange ting som kunne vert gjort annleis reint teknisk på alle desse bilda mine, eg var nok mest ute å skaffe meg eit første inntrykk i solskinnet.

Gråspurven er no fotogen uansett synst eg.
Sigma 300mm f2.8

Sigma 85mm f1.4
Å treffe fokuset rett med f 1.4 er no litt bingo

Sigma 300mm f2.8 Fort å bli forsein
Sigma 300mm f2.8 Målfoto

Sigma 300mm f2.8 Portrett
Sigma 300-800mm f5.6 Tatt frå trailer taket, så det var ikkje lett å holde i ro sjølv med stativ, mange som gjekk rundt nede.

Eg prøvde ellers 120-400mm til Sigma men den fekk eg ikkje til å like. Den var kjekk med at den har zoom men kvaliteten på bilda vart noko anna enn 300mm fast ja!!!
Eg må virkelig få takke gjengen som jobba i dag, dei ga god service å mange råd til oss som ikkje har testa desse dyre greiene noko særlig enda ;o)