torsdag 26. februar 2009

Eg var heldig og komme over denne krabaten i dag

Furukorsnebben er ein ganske vanlig fugl her på våre kantar, men ikkje so mange som har sett den for det. Den har eit karakteristisk nebb som saksar. Det er eit godt redskap til og plukke ut frø frå konglene som korsnebben hovudsaklig lever av.
Eg var veldig heldig når eg kom over denne tillitsfulle hannfuglen. Han lot meg ta masse bilder og var ikkje mykje skvetten.



Her kjeme ein liten stilstudie av korleis han finne maten sin.


Han har ein litt spesiell måte og sitte på, meste parten av klørna brukar han og holde kongla med og så støttar han seg med stjerten. Det er bare bakkloa på foten som holder på greina.

Så er det bare og kjøyre det spesiallaga nebbet ned i kongla.

No er det og opne nebbet så kongla opnar seg meir opp.


Bingo!!! No stikke han bare den klebrige tonga si ned og plukkar opp frøna.
Hmmmm nam nam!!

God og mett.




Ingen kommentarer: