
Dette er synet som møter meg når eg kjøyre opp turløypene på Kleivane skisenter. Det er so fredfylt og deilig, i natt stoppa eg maskina 3 gongar for og gå ut og nyte stillheten, lyset og den bitande kulda. Sove kan eg gjere ein annen gong. I natt har månen fulgt meg heile natta, den har nærmast trilla på Sørstrandsfjella og gjekk ned når himmelen rødma i aust.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar