torsdag 3. september 2009

Mange nye ting i dag.

I dag var det fagre Breim som fekk besøk av ein overivrig naturfotograf. Eg begynte med ein tur opp til Høygardane, men sola sto feil på himmelen for at det skulle bli nokon flotte bilder. Då fant eg ut at eg skulle reise opp til Byrkjelo og ta eit bilde eg har tenkt på lenge. Sola var perfekt og sikta var god so då fant eg ut det måtte bli i dag. Eg kjørte opp å begynte på dei bratte bakkane, eg blei ganske svett før og kome so høgt at eg fekk med mest mulig av Breimsbygda. Utsikta blei berre beire og beire. Etter at eg hadde fotografert bygda og ein del andre ting eg kom over var klokka blitt so mykje at eg kunne gjere det eg hadde reist til Breim for og gjere i dag. Eg skulle til Eurofoto og hente ei fotobok til ein kunde, men eg hadde nokon forbedringar som vi måtte sjå på mens eg var der. Eg reiste ned og møtte den eine etter den andre som ville prate. Og det e no eg ganske go på og då. Eg klarte og bruke ein time på å kome inn til Stian som tar seg av fotobøkene. Men før eg kom so langt hukka Runar meg og sa det e planer om og starte fotoklubb i Gloppen. Eg gledar meg til og sjå kor dette kommer til og utvikle seg. Eg traff ei hyggelig jente som og brenne mykje for foto når Runar fekk meg inn om Reed foto. Når eg so omsider kom inn til Stian kikka vi litt på det som vi har snakka om og forandre og kjørte ut to bøker med forskjellige innstillingar. So no veit vi ka som funkar best. Boka har no 58 sider med bilder frå Gloppen, det er alt frå absrakte bilder til portrett bilder av dyr og fuglar til landskapsbilder i godt og dårlig veir. Boka kosta 500 kr. Eg vil takke Eurofoto for super service og takke Magni for ein god is;o)
http://www.eurofoto.no/



Fagrebreim

Ingen kommentarer: