søndag 13. desember 2009

Forsatt godt fornøgd med plasseringa mi i Biofoto sin fotokonkurranse

No er resultatet for 2.runde av Biofotos konkurranse klar. Eg raste litt på lista denne gongen, men er forsatt godt fornøgd med samanlagt resultatet. Eg låg på delt 20 plass etter første runde, men denne runda hadde eg to bilder som fekk veldig lite poeng så eg raste ned til 49 plass. Samanlagt ligger eg no på 27. plass. Bildet under er mitt beste denne runda og kom på delt 25 plass med 13 andre, vi hadde alle 31 poeng og det er berre 4 poeng opp på topp ti plass. spennande og vere med på sånt saman med 150 naturfotografar frå Norge, Sverige og Danmark. Det er enda to runder igjen so mykje kan gå gale eller godt enda;o)


Tidlig vinterstemning på Bjørkneset i Hyen 31 poeng bare 13 poeng bak beste bildet denne runda.

Her er Jesper i siluett også på Bjørkneset i Hyen, dette kom på delt 145 plass saman med 20 andre bilder. Det fekk 22 poeng og totalt 485 bilder var med i denne runda.
Eg trur eg må komme meg meir ut i felten for å klare og holde meg i dette sjiktet. Men skal iallefall prøve det eg kan.


2 kommentarer:

Helge Helland sa...

Hei Ronny.
Eg er stadig innom bloggen din, mykje varierende og bra foto her. Du har nå ein fantastisk natur å boltre deg i. Lykke til videre i Biofoto.

Eg reiser til Hyen på juleferie til svigers nå på lørdag, der kjem eg til å ha fleire fotoprosjekt på gang. Det hadde vert kjekt å treffast. Høyrer av Åsmund att du er rimeilg hekta. Det er eg og.

Helge

Ronny Solheim sa...

Hei
Ja det kunne vere spennande!!
Her er masse flott og ta bilder av, men eg er uten tele fortida så det blir mest makro og vidvinkel. Men kanskje eg kan få låne ei med ein kar om eg er heldig. Kva prosjekt har du på blokka di då;o)