onsdag 10. mars 2010

Ekorn som har tatt ein gran/furukorsnebb hann?

I dag når eg kjørte løyper kom eg og Patrick over desse spora i snøen midt i løypa. Det er granskog på begge sider av løypa. Litt synd eg ikkje har oversiktsbilde av åstadet, men eg kan forklare litt.
Det ser ut som det er eit ekorn som har angrepe ein fugl som har sete midt i løypa. For første plassen det er blod, trur eg det er angrepet fant sted. Bildet under. Andre plassen er litt mindre blod men mykje fjær. og så går spora rett inn i skogen igjen. eg håpte å få sett om mine antagelser er rett men valgte og ikkje brase inn i skogen for å sjekke. Det er nok eit dyrbart måltid for den som har vert her.

Dei to paralelle spora i blodet trur eg er bakbeina på ekornet.

Denne fjæra virkar for meg å vere frå ein gran- eller furukorsnebb hann. Då desse er raude i fjærdrakta og ofte ned på bakken for å spise snø til det noko tørre kostholdet som er frø av gran og furu. Dei kan vere ganske tilitsfulle eller berre "surrete" av og til noko som eit ekorn lett kan utnytte.

Andre plassen som det var blodspor ca ein halv meter frå første blodsporet.


Dette er hoved grunnen til at eg trur det er ekorn som har vert på ferde. Det var det einaste sportypen som var på stedet.

Eg tar gjerne i mot kommentarar på dette om du er einig eller synst eg er på jorde;o)

2 kommentarer:

Jan-Eilert Pedersen sa...

Trur ikke det er vanlig at ekorn klarer å få tak i voksen fugl. Fuglunger og egg går derimot ned på høgkant.

Det er riktig at det er ekornspor..

Ronny Solheim sa...

JA eg er einig med deg i det, men sidan det er kun ekornspor og blodet er so ferskt, ser eg ikkje heilt for meg noko anna. Mensom eg skreiv så kan korsnebben vere ganske treig og sløv så det og fargen på fjøra er grunnen til at eg trur det er ekorn å korsnebb hann.