onsdag 28. april 2010

Nokon som har sett Gjerdesmetten i vår


Er det fleire enn meg som ikkje kan huska å sett Gjerdesmetten i vår. Det kan nok ha vert ein hard vinter for denne arten i vinter med so streng kulde for dei som ikkje har trekt sør over.
Det var ein som spurte meg ein dag om eg hadde sett eller hørt smetten i vår som har fått meg til og stusse litt. Så gi gjerne tilbake melding om det er andre som sakna den og eller om det berre er eg som har oversett den i vår.

2 kommentarer:

Svein sa...

Stemmer nok det. Ikkje sett eller høyrt gjerdesmett på mange månader. Fann ti døde gjerdesmettar for mange år i ein fugleholk ut på våren. Dei hadde prøvt å varme kvarandre gjennom ein kald vinter.
Lite fuglekonge og i år.

Vidar sa...

Gjerdesmett observert i Naustvegen i Volda. Sunnmørssmettane e visst av det hardføre slaget...