fredag 9. juli 2010

..no har eg tatt meg vatn over haudet...


No har eg endelig fått min nye Ewa-Marine bag til kameraet så eg kan leike med kameraet i vatn og. I dag vart tross regnet ein tur til ein liten dam med masse vanliljer. Eg angra frå eg ringte til ein kompis og fortalte om planen til eg hadde vatn opp til knea. Etter det tok iveren totalt overhan og eg glømte tid og sted. Men det har no sine utfordringar og fotografere i ein sånn dam. Her er det masse dødt plante matriale som blir virvla opp og det blir ikkje sikt i heile tatt. Liljene er iallefall flotte. og eg prøvde og bruke kveldshimmelen til og skape stemning.




Det blir ikkje lenge til eg blir våt igjen kjenne eg ;o)

Ingen kommentarer: