søndag 5. september 2010

Helgas turar i Olden

Skarstein tunet kor Elaine voks opp. Her var det livleg i helga, med mange ungar og ellers slekt frå Tønsberg og Ålesund. 15 stykke med smått og stort.

Per kikkar heim på ein fantastisk tur til Skarsteinfjellet på 1506 moh trur eg det var. Men vi gjekk ei rute som ikkje er merka og bomma nok litt so vi rakk ikkje toppen. Endte ca hundre høgdemeter lenger nede frå toppen. Men alle var vi einige i at dette var godt nok for oss so vi stressa ikkje med og klatre meir for dei siste meterane...

... det var no vist høgt nok for meg iallefall!!!! Eg er pingle på dette feltet!!

Men med litt sjokolade og sjølvpsyking so fekk vi tatt litt morro bilder.



Sigmund med ein pust i bakken på veg opp.

Her er vi på veg opp frå Fossen som er der selet til svigers står. Vi var 11 stk der natt til laurdag, og 6 av oss låg ute under open himmel.

Litt av ein stjernehimmel det var i helga. Sånn såg den ut når eg låg ute natt til i dag etter ein tur på fest......

Kveldssola på Skåla

Natta har senka seg og om du klikkar på bildet og ser godt etter ser du lys frå Skålatårnet

Takk for ein flott tur ;o)

2 kommentarer:

Lasse sa...

Fina bilder !..och ett härligt väder ser det ut som.

fyttikatta sa...

de hoppebildene er tøffe!!