tirsdag 27. desember 2011

Dagmar i Gloppen dag 2

Ras mellom Kandalen og Kjørvikja som gjekk i går isolerte alle i Kandalen + to arbeidarar frå kommunen som holdt på å rydde etter uværet. Dei tok seg over raset og blei henta på andre sida så dei kunne forsette opprydningsarbeidet andre plassar. Men ein bil og ein gravlastar blei igjen på Kandalsida.

Her står maskina og Kandøler som vil på jobb.

Det viser godt kva masser som har komt ned.

Fleire plassar har det gått vassdemme, som her i Ryssdalen.

Raset i Kandalsstranda på nært hold.


Ras i Kjørvikja, knapt ein km frå forge ras.

Saga på Sande har saga sin siste planke.



På Rauset har det gått ut over stabbura.


Forhaustaren har lagt seg øve.

Sjølv husa søkjer saman i slikt vær.


Kort reist ved...på Grov
Flat skog på øvre Rygg.

Øvre Mardal har det og bikka nokon tre.

Det har virkeleg gått hardt for seg på Hestenesøyra. Dette blir hardt å begynne på!!!!



Det er ikkje rart det er mykje jobb for linje mannskapa å rydde.

Lakseannlegg på drift i Hyefjorden.


Ein annan vinkel på Hestenesøyra.

Brødrene Aa har hatt ein stri tørn med å holde båtane ved kai. Når ein ser skogen over så skjønna ein at det har røska og reve i pollertane.


På Aa i Hyen såg det ut som ei slagmark.


Eg skulle gjerne vert lenger i Hyen men det var begynt å bli mørkt so eg ville komme meg heim så eg ikkje vart ståande på feil side av eit evt ras.

På Hestenesøyra var det ikkje lenge før vegbana var vekk.

Eit naust ved Devik har knela.


Det er ikkje småtteri kva Dagmar har fått til i mitt nærområde. Meir kjem sikkert etter kvar. I morgon tenkte eg meg på fjellet å kjøre løype på Kleivnae skisenter. Eg er veldig spent på kor masse tre som ligge over traseane der.

Takk for titten.

3 kommentarer:

Staffan Hjohlman sa...

Flott dokumentasjon med skræmande bilder!

Bodil sa...

Helt utrolig hva naturkreftene kan gjøre.

Marion Lexau Nødset sa...

Var ikkje heilt god ho Dagmar nei. Flott at du har vore ute å dokumentert øydeleggelsane. Håper dykk får ein rolegare vinter no.