mandag 31. august 2009

Regnet har stoppa opp litt og gått over i byger

Her er ein versjon i fargar av eit av bilda eg tok i dag.
Har du lyst og kommentere noko er det mulig under kvart innlegg, og det setter eg stor pris;o)


I dag kjøyrde eg ongane i barnehage og på skule og so tok eg meg ein liten tur opp i Jardalen, iallefall so langt vegen gjekk. I dag hadde eg klart og få med meg den flotte pussefilla til Biofoto. So i dag fekk eg litt klarare bilder enn i går.


Her er fossen som kjeme ned rett ved kraftstasjonen, rikelig med vatn i dag.


Dette er tatt frå brua, her ser det virkelig spennande ut for fleire fototurar fram over.



søndag 30. august 2009

Det berre bøttar ned i dag.

I dag var eg og Patrick litt for rastlause til og vere inne sjølv om det bøtta ned utan stopp ute. Vi måtte faktisk på bygda og låne regnklær til go guten. Regnklæa låg vist igjenn på SFOen.
Jaja men med gode venner so ordna det seg fint.

Eg klarte selvfølgelig og glømme noko og trke objektivet med for det var ikkje mange sekundane det tok får eg hadde ørten dropar på filteret igjen.




Morro var det iallefall og det var faktisk han far som ville heim først i dag;o)
Traudalsvatnet og eit naust

lørdag 29. august 2009

Sommaren er berre eit minne

No er det regn og atter regn ute, sommaren er berre eit minne og vi må berre finne oss i at det blir mørkare og kaldare for kvar dag og veke som går. Men no er det kanskje tida til og gå igjennom dei altfor mange bilda eg har tatt i sommar, kanskje kjem det fram nokre blinkskudd som eg har oversett tidligare. Det kan vere godt og sitte og kikke på varme og gode sommarminner når hauststormane hyle i dei litt for utette glaskarmane mine. Nei, eg kan ikkje berre sitte inne å sjå på ka som er tatt, men hausten er ei fantastisk tid det og, so det blir vel på med regnklær og regntrekk og ut i friluft for og kjenne på elementa, naturen har sin sjarm uansett årstid.

lørdag 22. august 2009

I dag er jammen lille Carlos 2 år gammal!!







Gratulere so masse med dagen Carlos!!;o)



fredag 21. august 2009

Dagens runde langs E39 i Gloppen

Eg edte på favoritt plassen min, her ved fyrlykta ved Anda fergekai



To bilder frå Våtedalen som grensar til Jølster kommune


Reefjæra og Veten i himmelsjå



Her er nokre av dei utsmykningane eg har fått til i år.

Her er bilde av kontoret til Arne Nesgård på Firdafysikalske kor eg har fått lov og dekorere veggane. Det var tidlig i år.


Her er dei to av mine bilder som har fått lov og pryde veggane på NAV kontoret på Sandane.
Panorama bildet er av Sørstranda og er 195cm langt og ca 30cm høgt. Det som henger heilt til venstre er frå Traudalen og er 80x60cm.


Her er resten av bilda som er Helge og Arne Lyslo sine.





Utstillingsvindet som eg har alle bilda untatt det i midten til vestre, dette er hos lyslo Foto i øvste gata på Sandane. Her er bilder i alle prisklasser frå 200 og opp til 6000 for det store panoramabildet over Silda og Stadten og nordre delar av Vågsøy.

Håpar eg kan hjelpe andre med og fylle veggane med naturbilder i framtida og;o)

torsdag 13. august 2009

Jan Erik og Katrin