Blåvinge
Fluge...
Korsedderkopp...trur eg :o)
Libelle
Klar til nytt liv..
Siste dråpe..
Soloppgangen som kom forseint...
Det gjekk heftig for seg med luftige svev.







Og at dette skulle gå utan skadar var vell ingen som trudde...
Ommedalen og Mjellem/ Rognkleiv
Rognkleivsstøylen
Mjellem/ Rognkleiv
Mjellem/ Rognkleiv . Eg er desverre ikkje sikker på kva som er kva hehe ;o)
Mjellem/ Rognkleiv
Mjellem/ Rognkleiv og Ommedalen
Ommedalen frå oven
Haustfargane er absolutt begynt å farge fjellet. Berre so synd det virkar for at godværet er på hell. Og at det nærmar seg ei ny skule veke.
Hausten er so smått begynt å sette farge på landskapet der ute, foreløbig er det nok mest detaljane som er farga til haustfest.
Eg skulle so gjerne hatt med meg 60mm makro i dag...
...og når eg såg at den ikkje låg i fotosekken, men kom på at den låg i ein annan sekk, såg er rett og slett rødt!!!! Det blei manuell 50mm 1,8 og eit raudt filter til eg kom ned på jorda igjen.
Og eg må tilstå.... eg har aldri før vert på Åsebøvatnet!!! Litt flaut, men betre seint enn aldri. Det eg såg ga iallefall meirsmak og håpa eg komme meg fleire gongar ut her ut over hausten.
Dimma har eg vore på mange gongar før. Her er Nedre Dimmastøylen.
Skarstein tunet kor Elaine voks opp. Her var det livleg i helga, med mange ungar og ellers slekt frå Tønsberg og Ålesund. 15 stykke med smått og stort.
Per kikkar heim på ein fantastisk tur til Skarsteinfjellet på 1506 moh trur eg det var. Men vi gjekk ei rute som ikkje er merka og bomma nok litt so vi rakk ikkje toppen. Endte ca hundre høgdemeter lenger nede frå toppen. Men alle var vi einige i at dette var godt nok for oss so vi stressa ikkje med og klatre meir for dei siste meterane...
... det var no vist høgt nok for meg iallefall!!!! Eg er pingle på dette feltet!!
Men med litt sjokolade og sjølvpsyking so fekk vi tatt litt morro bilder.

Sigmund med ein pust i bakken på veg opp.
Her er vi på veg opp frå Fossen som er der selet til svigers står. Vi var 11 stk der natt til laurdag, og 6 av oss låg ute under open himmel.
Litt av ein stjernehimmel det var i helga. Sånn såg den ut når eg låg ute natt til i dag etter ein tur på fest......
Kveldssola på Skåla
Natta har senka seg og om du klikkar på bildet og ser godt etter ser du lys frå Skålatårnet
Takk for ein flott tur ;o)
Eg har vert so heldig og levere bilder til denne konferansen dei to siste åra. Bildet her er mitt men det er ikkje eg som har designa det.
Det kalva i breen mens eg var der i dag og men det var langt oppe og ikkje noko som om heilt ned.
Breen ser tilsynelatande ufarleg ut på avstand, men isen som flyt rundt i vatnet kan vitne om at det kommer ned ein del is. Det var ein sånn isbit eg brukte på bilda i forge innlegg der kameraet er halvt under vatn.
Her er gjengen på synfaring for å få opp eit betre gjerde for og holde turistane borte frå brefoten. Etter at ein tysk turist fekk ei isblokk over seg nyleg.