lørdag 18. april 2009

Eg har venta lenge på vårblomstrane




Idag gjekk eg og gutane ein tur langs Veslevatnet, og etter kvart kom vi opp i elva som renner inn i vatnet. Der var det kvitveis i elvekanten. Der blei det ein lang stopp, to småkarar som bomba elva med det dei fant, ein far med ræva i sky og ein stakkar i vogna som lurte litt på ka so gjekk av desse so alt for nære slektningane sine. Det var herlig vær i dag og, vi endte inne i moseskogen som eg kalla den. Det er eit plantefelt med gran som er overgodd med mose på trea og på bakken. der åt vi litt niste og tok masse bilder. Og bomba elva selvfølgelig!!


Ingen kommentarer: