søndag 27. desember 2009

Eg hadde ein kjempe kjekke tur med Helge Helland i Ommedalen og Gjengdalen i dag.



Eg har virkelig storkosa meg i dag, eg har vert på fototur med Helge i frå kl 09 i dag til over kl16. Det er ikkje ofte eg finne like sinna å fotografere med i naturen som i dag. Eg var heldig å fekk bruke hans Nikon 80-200 f2,8. eg har nettopp bestilt meg eit tilsvarande objektiv, men det vart Sigma denne gongen også sjølv om at eg har lovd meg sjøl og berre kjøpe Nikon her etter. Men det blir for dyrt;o(
Og jobbe med brennvidder mellom 70mm og 200mm er noko eg har sakna lenge, men om nokon dagar eller litt over nyttår blir det nok meir sånne bilder som eg han pressantere i dag her.


Vi tente eit bål for og prøve og få ein gyllen tone inn i istappane. Det funka delvis bra. Eit bålbilde funka nesten alltid synst eg ;o)




Han brukte sin 300mm f2,8 som virkelig gir skarpe bilder. Det var eit varierande vær i dag med tjukke snøbyger til lenger periodar med opplett. men berre nokre små gløtt av blå himmel. Men med gode klær og godt utstyr går det fint og fotografere i dette været og.


Bål på isen.

Litt av gløden frå bålet.



Isstavar. Holme og Hyefjorden på veg heim

Takk so mykje for turen Helge;o)





Ingen kommentarer: