fredag 1. januar 2010

Nytt Havørn forsøk i elveosen, men nei!!

Enkeltbekkasinen skal ikkje vere her på desse tider, den skulle normalt overvintre på dei Britiske øyer og i Portugal og i Spania. Men nokre få velger det kalde liv her heime og holder seg ofte på sånne plasser som her i osen på Storeelva. Flo og fjøre holder borte snø og is så det er greit å finne mat når floa er på veg ned. Morro er det å få sjå ein sånn vadar som minner om sommar. Eg såg og to vadarar som eg er ganske sikker på at var Rødstilk, fekk ikkje bilder av dei men veldig "høge vinger" og litt lange bein og slank kropp kan tyde på det.

Eg har no sete i to heile dagar i kamoteltet mitt og det har vert mykje interessant å sjå mens eg sitte sånn. Skulle gjerne hatt eit kamera med video og, men det blir kanskje fort litt rot å skulle jobbe med begge deler.

Når det er lite å følge med på benytta eg sjangsen til å lese litt til eksamen som er på tirsdag, skulle nok hatt mange fleire daga i skjulet for at eg skal komme igjennom heile pensum, men får satse på det går likevell;o)


In coming!!

På åteplassen var det bare nokre Gråmåser som tørte seg fram på. Kråkene holdt seg forsiktig i bakgrunnen og nappa til seg nokre godbitar i ny og ne.



Ørnene dei holdt seg på trygg avstand, dei flaug over fleire gongar, men ingenting tyda på at dei var interesserte i fisken eg hadde lagt ut. Spennande er det i allefall når dei kommer på morgonen å setter seg på sin faste plass for å drikke litt ferskvatn før dei begynner å leite etter mat på stranda eller på elvebredda påover i elva. Det er ein del dau laks som er hoved grunnen til at Havørnene har funne seg so godt til rette her i Bukta. På det meste har eg sett to voksne og ein ungfugl her samtidig. Eg kan ikkje skilje fuglane i frå kvarandre når eg ikkje har opplevd dei på nært hold anna enn at eg ser forskjell på ad. og juv.
Ein vaksen og ein ungfugl i dag.


Landskapet og omgivelsane skal det ikkje stå på bare eg får Ørnene ned der eg vil.

Ingen kommentarer: