lørdag 9. januar 2010

Eg har hatt ein del timar på skuteren i dag i det flotte været, klarte å la vere å ta med kameraet heilt til siste turen.

Fantastisk lys rett etter sola gjekk ned bak fjelltoppane.


No er det kjørt opp løyper på grusvegen mellom Fellessetra og bommen innafor hyttefeltet. Eg veit ikkje kor mange kilometer dette er, men vist det er nokon som veit det so tar eg gjerne i mot ein mail eller ein kommentar;o) Alt er skuterkjørt så det er ikkje maskinkvalitet på løypene enda. Men naturen er like fin og kulda bite like godt i kinna for det. Fantastisk herlig og vere ute sånne dagar

Ingen kommentarer: