mandag 11. januar 2010

Ein kald dag og fin med litt bismak.

Eg gir meg ikkje heilt på desse lillabilda mine.

Evebøfossen er ein fantrastisk plass og fotografere no for tida. Men eg hadde litt irriterande mykje problem med det beste kameraet mitt i dag og. Speilet henger seg opp so eg ikkje får sjå gjennom søkaren. So då blei det til å hente fram gamle D200en so eg iallefall fekk foreviga ein del av dei flotte vintermotiva som er her no. D300 en reiser ein tur til Bergen i morra for å få seg litt stell, so håpa eg Nikon tar det på garantien sida det er berre litt over eit år gammalt kamera.

Ryssdalshornet må vere med so vi veit kor vi er;o)


Nesten litt summelt vart det i fossen.








Ingen kommentarer: