tirsdag 9. februar 2010

Livets kamp heilt inn i sentrum!!

Idag kl 15 30 tida såg eg tilfeldig vis to fuglar som det gjekk fort med og i litt feil høgde, eg fekk parkert bilden fort og hadde kamearet klart. Få sekunder etter eg såg fuglane, klarte eg å få desse bilda. Det er ein Vandrefalk og ei Kvinand hoe som er aktørane. Anda kom seg i frå med livet i behold. Det er ikkje lett og skaffe seg mat no i kulda for nokon og om vinteren er det spesielt synlig for oss kor hard naturen kan vere. Vi kan ofte sjå hønehaukar eller spurvehaukar som slår etter småfuglane ved foringsbrettet. Vi ser store ørner som flyg over oss titt og ofte, mens ørnene samlar seg nær store elver som er laskeførande for å primært finne daue laksar og får vi eit inntrykk av at det er so mykje av dei, er nok ikkje det heilt tilfelle.

Vandrefalken er ein fantastisk jeger som var nær utryddelse på 1950-1960 tallet p.g.a. miljøgifter, men etter kvart som dei giftene vart forbudt klarte bestanden å komme opp på eit tryggare nivå. Det er bare mellom 350-500 par i Norge so det er spesielt morsomt at ein sånn fugl er her på Sandane. Den har ein vanvittig jaktmetode vandrefalken har der den stuper med ein fart opptil 370km/t ned på mellomstore fuglar som ender, duer ,kråker og måsar. Det er denne fuglen saman med hønsehauken som kan holde kråke bestanden på eit passe nivå.




Eit fint utkikkspunkt for ein jeger.


1 kommentar:

Lars sa...

Artigt at du klarte å fange dette augneblinket Ronny. Ting skjer som regel alt for fort i slike situasjonar.
Vart litt inspirert og la ut ei liknande oppleving eg hadde for nokre år sidan (http://larshemsing.blogspot.com/2010/02/den-sterkastes-rett.html).

Mvh
Lars