søndag 11. juli 2010

Ommedalsstøylen ein tur i dag

Ommedalsstøylen i dag. og det blei bading i flotte omgivelsar.

Flott støyl med hyggelege folk og fantastisk natur. Dette er ein av dei få støylane som forsatt er i drift.
Eg angrar på at eg ikkje kom meg litt opp i høgda for å få med heile støylen på eit bilde.

Ommedalen sett frå oven.
Opp og ned stigninga er ikkje for folk med dårlege nærvar.

Her er det over gjennomsnittet bratt for skogsveg og rekne.... Eg skulle gjerne prøvd å vise kor bratt det er på eit bilde her, men eg hadde nok med å kjøre!!
Når vi kjem opp møte desse avslappa kvigene oss. dei har det jammen godt i desse omgivelsane

Ikkje noko og seie på utsikta her nei.


..hei søten.... ho her var litt på sjækkaren





Rompetroll er spennande for store og små ;o)
Denne løa har nok sett travligare tider på støylen, sjølv om det forsatt er drift på denne støylen.

3 kommentarer:

Sivert J Ommedal sa...

Hei!
Vikk fekk tips og måtte inn og sjå.. Mange flotte bilete frå artige vinklar!
Neste gong du kjem på støylen, må du gje beskjed, så eg kan syne deg "Blåkåpa", kor du får panoramautsikt over støylen, og så skal du få rømaske etterpå..
Sivert.

Ronny Solheim sa...

Den er grei;o) Der er kjempe flott der inne!! Har lyst og ta med lavvoen neste gong.

Anonym sa...

Du og du så kjekt det var å sjå Ommedalsstøylen igjen!!! Den er stadig i tankane (og draumane) mine! Eg støyla der i mange år då eg var ung, i Larsselet.

I sommar var vi der, og sjølv om det hølja ned så var det litt av ei oppleving å få kome dit igjen. Vi hadde med oss søstera mi, ho Lars-Kristina, som er 90 år og som støyla der i 25 år i sin ungdom. Og jammen vart det eit møte mellom to gamle støylsjenter i det nye og flotte Larsselet. Der møttes ho Espelands-Kristina og ho Lars-Kristina til ein triveleg prat om gamle dagar. Altså ei på 96 og ei på 90 år! Det hadde ikkje vore muleg utan den nye vegen! Så fekk vi rømaske me'nå Sivert Jan. Kjekt for meg å få ta med meg nokre av mine etterkomarar dit der "eventyrverda" var og er for meg!

Støylsklem frå ho Lars-Marta på Smøla.